Vis enkel innførsel

dc.coverage.spatialNorge, Rogaland, Agdernb_NO
dc.date.accessioned2018-06-14T11:15:54Z
dc.date.available2018-06-14T11:15:54Z
dc.date.issued2003-12
dc.identifier.isbn82-7077-545-2
dc.identifier.issn0805-9691
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2501583
dc.description.abstract«Driftsgranskinger i jord- og skogbruk» er ei årleg rekneskapsgransking der det inngår omlag 1000 bruk over heile landet kvart år. Grunnlagsmaterialet for denne granskinga er omfattande, og mange data vert det ikkje plass til i den landsdekkande publikasjonen. I tillegg har det vore stor etterspurnad etter lokale økonomiske data for Rogaland og Agder, samtidig som det er ei målsetjing for NILF å gjere dataene lettare tilgjengelege. Eit regnskapsmessig prinsipp er endra i driftsgranskingane i 2002: Tidlegare er ubetalt arbeid utførd av slektningar verdsett til tariff og trekt frå driftsoverskotet. Frå og med 2002 er verdien av gåvearbeid ikkje trekt frå driftsoverskotet. Ubetalt arbeid blir no verdsett på lik linje med arbeidet til brukarfamilien, og dette påverkar storleiken på fleire resultatmål. Derfor kan ikkje alle resultata frå driftsgranskingane for 2002 utan vidare samanliknast med tidlegare publiserte tal frå andre år. I dette notatet blir tal for dei siste åtte åra presentert, men da er resultatmåla frå tidlegare år justert etter ny metode. Notatet er basert på driftsgranskingsdata frå fylka Rogaland, Aust-Agder og Vest- Agder. Det deltek omlag 70 bruk frå Rogaland, og 30 bruk frå kvart av Agder-fylka i granskinga. Dei økonomiske dataene i kapittel tre (Trendar og økonomisk utvikling for åra 1995-2002), er deflaterte etter konsumprisindeksen, medan 5-årsoversiktane i tabellsamlinga inneheld nominelle kroner frå kvart av åra. Det vert kvart år skifta ut ein del bruk i driftsgranskingane, men kontinuiteten blant deltakarane i statistikken er god, derfor vil trendane over 5-10 år gje ei god oversikt over den økonomiske utviklinga i jordbruket i landsdelen. Utskifting av bruk og gardsoverdraging kan likevel gje utslag i enkeltår. I tillegg til driftsøkonomien er totaløkonomien på bruka godt dokumentert.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNorsk institutt for landbruksøkonomisk forskningnb_NO
dc.relation.ispartofseriesNILF Notat;2003-29
dc.titleØkonomien i jordbruket i Rogaland og Agder-fylka. Strukturendringar i landbruket. Trendar og økonomisk utvikling 1995–2002. Tabellsamling 1998–2002nb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Landbruks- og Fiskerifag: 900::Landbruksfag: 910nb_NO
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Økonomi: 210nb_NO
dc.source.pagenumber78nb_NO
dc.source.issue29nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel