Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorGjerdåker, Brynjulv
dc.date.accessioned2018-06-14T15:24:12Z
dc.date.available2018-06-14T15:24:12Z
dc.date.issued2001-11
dc.identifier.isbn82-7077-436-7
dc.identifier.issn0805-7028
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2501676
dc.description.abstractDen norske odelsretten hadde sine pendantar i dei andre skandinaviske landa og i den germanske kulturkrinsen meir allment. I alle dei andre landa, Island unnateke, vart odelsliknande rettsinstitutt stort sett avvikla ved inngangen til moderne tid, dvs. før 1800, jamvel om det fanst restar att både i svensk og dansk lovgjeving enno i drygt hundre år. Hovudgrunnlaget for det seigliva odelsinstituttet her i landet finn vi dels i den sosio-økonomiske, dels i den politiske norske historia. For det første fanst det knapt adelsgods i Noreg i nytida. I Sverige, der bøndene hadde ein relativt sterk posisjon etter europeiske mål, var 17 % av jorda adelseigd enno ved midten av 1800-talet.1 På den tida var om lag 60 % av dei svenske bøndene sjølveigande «skattebønder». Det var relativt færre enn den norske sjølveigardelen femti år tidlegare. Dessutan hadde norske sjølveigarar ein sterkare råderett over si jord. Dei svenske 1700-tals «skattebøndene» eigde i prinsippet ikkje jorda, dei leigde bruksrett mot å svara rente til krona eller adelen. Utvidinga av eigedoms- og forvaltingsretten til jord var ein lang prosess gjennom dei 18. og 19. hundreåra i grannelandet.2 Samstundes som den norske 1800-tals odelsbonden eigde rydningen trygt, hadde kollegene på leiglendingsbruk dessutan rettar som festebønder i grannelanda kunne misunna dei.3 Medvitet om den relativt frie stillinga norske bønder hadde allment og odelsbønder særskilt, vann styrke i dei patriotiske tiåra omkring 1800. Inspirert av opplysningsfilosofar som Montesquieu og Rousseau hylla intellektuelle det norske allment og den norske bonden særskilt. Johan Nordahl Brun, Edvart Storm, Claus Frimann og fleire dikta om den heroiske, tapre og hardføre odelsbonden som brukte «sten som hodepute» og elska fridomen. På slettelandet hadde dei derimot slavesinn, som det også vart sagt. Denne myteproduksjonen fekk eit betre feste i røyndomen ved oppreistane (Strilekrigen, Lofthusopprøret, m. fl.) mot skatteflåing og hinder for bønders næringsrettar. Aksjonane var uttrykk for at bønders sjølvtillit til eige samfunnsverde var stigande. Medvitet om dette auka ved at bondetalsmenn frå utgangen av 1700-talet hadde forvaltaransvar i lokale, offentlege organ som skule-, fattig- og forlikskommisjonar, frå omkring 1810 også i sokneselskap. Også haugianismen gjorde sitt til å styrka den symbolske krafta i den historiske odelsretten. […]nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNorsk institutt for landbruksøkonomisk forskningnb_NO
dc.relation.ispartofseriesNILF Rapport;2001-15
dc.subjectodelnb_NO
dc.subjectåsetenb_NO
dc.subjectslektsrettnb_NO
dc.subjectkonsesjonslovnb_NO
dc.subjectjordlovnb_NO
dc.titleTil odel og eige – Odels- og åsetesrettane gjennom eit millenium, med vekt på dei siste 250 åranb_NO
dc.title.alternativeThe Norwegian rights of "odel" and "sete" through the second millennium (ca. 1100-2000)nb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Landbruks- og Fiskerifag: 900::Landbruksfag: 910nb_NO
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Økonomi: 210nb_NO
dc.source.pagenumber73nb_NO
dc.source.issue15nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel