Økonomien i jordbruket i Rogaland og Agder-fylka. Trender og økonomisk utvikling 1995–1999. Tabellsamling 1995–1999
Abstract
«Driftsgranskinger i jord- og skogbruk» er ei årleg rekneskapsgransking der det inngår om lag 1 000 bruk frå heile landet. Grunnlagsmaterialet for denne granskinga er omfattande og mange data på distriktsnivå er ikkje mogleg å få med i den landsdekkjande publikasjonen.
Tidlegare år er det utgjeve regionale publikasjonar for Nord-Noreg, Trøndelag og Vestlandet (Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal), men dette er første gong eit tilsvarande notat vert publisert med data for økonomien i jordbruket i Rogaland og Agder-fylka. Eitt av måla med å gje ut dette notatet, er å gjere tal for kvart fylke og for dei to områda «Jæren» og «Andre bygder» tilgjengelege.
Tabellsamlinga med tal for fylke og område for 1995–1999 utgjer hovuddelen av notatet, men det er også med ein kort tekst- og grafikkdel der ein omtaler trendar og hovudtrekk i utviklinga i denne perioden, og ei kort omtale av utviklinga i 1999. Tala som er nytta i tabellane, er nominelle kroner for kvart år, medan tala som er nytta som bakgrunn for tekst og grafikk, er deflaterte etter konsumprisindeksen.
Det vert kvart år skifta ut ein del bruk i driftsgranskingane, men kontinuiteten er god, og trendane gjev god oversikt over den økonomiske utviklinga over tid. Likevel kan utskifting av bruk og gardsoverdraging til yngre generasjonar gje utslag i enkeltår.