Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorJohansen, Astrid
dc.contributor.authorTodnem, Jørgen
dc.coverage.spatialNorge, Trøndelag, Stjørdalnb_NO
dc.date.accessioned2018-07-14T14:11:37Z
dc.date.available2018-07-14T14:11:37Z
dc.date.created2018-06-29T13:50:26Z
dc.date.issued2006-12-31
dc.identifier.isbn978-82-17-00080-8
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2505464
dc.description.abstractFôropptak og utnytting av italiensk raigras sådd i blanding med havre, hausta og konservert til vinterfôr i tida omkring lamming, og som haustbeite (av gjenveksten etter slått) til ikkje-slaktemodne lam er undersøkt i beitestudiar og fôringsforsøk. Hausta ved skyting av havren midt i august (20% havre) har ein oppnådd eit velgjæra rundballesurfôr med høg næringsverdi, sjølv med lite fortørking og høgt vassinnhald i den ferske massen. I gjennomsnitt var TS-opptaket 0,5 kg høgare hjå søyer som fekk raigrassurfôr enn hjå søyer som fekk vanleg grassurfôr. Dette gav ein forskjell i fødselsvekt på lamma og vekt ved fjellsending på høvesvis 0,4 kg og 1,0 kg i favør av raigrassurfôret. Surfôr av italiensk raigras gav såleis noko større og meir livskraftige lam, sjølv om ein brukte eit proteinfattig og dermed rimelegare kraftfôr til søyene samanlikna med søyer som fekk vanleg surfôr. I forsøka var raten av daudfødde lam i gruppa som fekk surfôr av italiensk raigras høg. Nye, planlagte studiar vil kunne avsløre om dette har samanheng med det høge fôropptaket før lamming. Vidare har forsøka vist at kvaliteten og gjenveksten av italiensk raigras kan vere svært god heilt fram mot november. Lam som fekk tilgang på slikt beite oppnådde såleis høgare reell tilvekst enn lam som fekk (berre) gjødsla eller ugjødsla hå, sjølv under svært gunstige beiteviklår og rikeleg tilgang av beitegrøde. Sjølv om det var liten forskjell i slaktekvalitet og verdi mellom lam som berre hadde beita gjødsla hå og lam som i tillegg fekk italiensk raigras, er det grunn til å rekne med større positive utslag også i form av slakteutbytte under driftsforhold med mindre beiteareal enn i desse forsøka. Tidlegare studiar har vist at haustetidspunktet for førsteslåtten av italiensk raigras sådd i blanding med korn har liten effekt på totalavlinga, men mykje å seie for fordelinga av avling mellom vinterfôr og beite, og dessutan for kor mykje kornet utgjer av TS-avlinga ved førsteslått. Ensileringsforsøka som her er gjennomført viser at ein kan oppnå svært høg surfôrkvalitet både ved liten og relativt høg kornandel (50%). Sjølv om det er muleg å oppnå god gjæringskvalitet også med reint raigras er dette under praktisk drift eit sjansespel som i vesentleg grad vert redusert ved å så raigraset i blanding med korn slik at massen som skal ensilerast får noko meir struktur. […]nb_NO
dc.description.abstractItaliensk raigras som kvalitetsfôr til sau (og storfe)nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherBioforsk Midt-Norge / Bioforsk Østnb_NO
dc.relation.ispartofBioforsk Rapport
dc.relation.ispartofseriesBioforsk rapport;1(17) 2006
dc.subjectGrovfôrnb_NO
dc.subjectForagenb_NO
dc.titleItaliensk raigras som kvalitetsfôr til sau (og storfe)nb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.description.versionpublishedVersionnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Landbruksfag: 910nb_NO
dc.subject.nsiVDP::Agricultural sciences: 910nb_NO
dc.source.pagenumber20nb_NO
dc.source.volume1nb_NO
dc.source.issue17nb_NO
dc.identifier.cristin1594795
dc.relation.projectBioforsk: 1310097nb_NO
cristin.ispublishedtrue
cristin.fulltextoriginal


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel