Utlekking av plantevernmiddel frå jordbærfelt
Abstract
Eit feltlysimeterforsøk i jordbær der det er nytta ulike plantevernmiddel mot ugras, skadedyr og plantesjukdomar er utført på Foss gard i Lier (Buskerud) under dagleg leiing av Landbrukets Fagsenter Østlandet, frukt og bærring. Hovudmålet til prosjektet var å sjå på produksjonssystem som er retta mot miljøvenleg plantevernpraksis og få dokumentert kunnskap om bruk av plantevernmiddel i jord. Rapporten er konsentrert om restmengder av plantevernmiddel i grøftevatn og overflatevatn i dyrkingsforsøk der det er nytta svart plast med dryppvatning og mattekultur av halm der det er bruka vatnspreiar. Det er Bioforsk Lab (Pesticidlaboratoriet) som har analysert vatnprøvane. I denne rapporten er resultata frå feltforsøket nytta i modellsimulering til å kunna beskriva ei slik vatnavrenning og utlekking av plantevernmiddel og på den måten finna kor gyldig den nytta matematiske modellformelen var. Viser til oppsummerte konklusjonar i avsnittet modellsimulering (s. 16) Pesticide runoff from a strawberry field Utlekking av plantevernmiddel frå jordbærfelt