Juletrekvalitetar etter kontrollerte krysningar med gran frå Huse og Møystad frøplantasjar
Research report
Published version

View/ Open
Date
2001-11Metadata
Show full item recordCollections
- Publikasjoner fra CRIStin - NIBIO [4902]
- Skogforsk, Rapport [97]
Abstract
Denne rapporten gjev resultat frå registreringar i to avkomforsøk med 110 kontrollerte krysningsfamiliar av vanleg gran. Formålet med registreringane var å studere overleving, vekst og kvalitet for å gje grunnlag for utval av halvsyskenfamiliar til produksjon av juletre. Eit felt ligg på Jord gard i Vestby kommune, det andre på Braset i Hamar kommune. Krysningane bestod av 110 utvalde mødreklonar kryssa med pollenmiks frå eit utval fedreklonar. Mødreklonane omfatta 105 avlstre frå Sør- og Austlandet og 5 avlstre frå Aust-Europa. I båe felt vart det brukt 12 kontrollsortar av halvsyskenfamiliar, sams frøplantasjefrø og handelsfrø frå Austlandet. Vurdering av juletrekvalitetar vart gjort 10 og 11 vekstsesongar frå frø, for høvesvis Jord og Braset. Høgd og høgdetilvekst vart registrert på alle overlevande tre. På alle tre med høgd ein meter eller større, vart det óg registrert største trebreidd, tal greiner i øvste krans og tal internodiegreiner på fjorårstoppskotet, i tillegg til eventuelle skadar og feil. Overlevinga var i gjennomsnitt 73 % på Jord og 53 % på Braset.