• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Norsk institutt for bioøkonomi
  • Publikasjoner fra CRIStin - NIBIO
  • View Item
  •   Home
  • Norsk institutt for bioøkonomi
  • Publikasjoner fra CRIStin - NIBIO
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Juletrekvalitetar etter open pollinering i gran frå Stange og Eløy frøplantasjar

Nyeggen, Hans; Skage, Jan-Ole; Østgård, Åge
Research report
Published version
Thumbnail
View/Open
Skogforskningen-Rapport-2005-06.pdf (591.7Kb)
URI
https://hdl.handle.net/11250/2674321
Date
2005
Metadata
Show full item record
Collections
  • Publikasjoner fra CRIStin - NIBIO [4938]
  • Skogforsk, Rapport [97]
Abstract
Denne rapporten gjev resultat frå to avkomforsøk med vanleg gran etter fri pollinering i frøplantasjar. Formålet med undersøkinga var å studere overleving, vekst og kvalitet for å gje grunnlag for utval av eigna materiale til juletreproduksjon på Vestlandet. Eit felt ligg i Hogganvik i Vindafjord, det andre på Barstad i Ørsta. Fem frøparti med norske og austeuropeiske klonar frå Stange og eitt frøparti frå Eløy, utgjorde saman med proveniensane C1 frå Noreg og Harz 5 frå Tyskland forsøksmaterialet. I Hogganvik var det i tillegg med eit frøparti med ukjent opphav frå eit plantefelt i Stryn. Vurdering av juletrekvalitetar vart gjort ti vekstsesongar etter såing. Høgd vart registrert på alle levande tre. På alle tre med høgd ein meter eller større, vart det òg registrert største trebreidd, tal greiner i øvste krans, tal internodiegreiner på fjorårstoppskotet og spisse greinvinklar, i tillegg til eventuelle skadar og feil. Overlevinga var i gjennomsnitt 91 % i Hogganvik og 93 % på Barstad. Juletreutbyttet av alle overlevande tre var i gjennomsnitt 43 % i Hogganvik og 19 % på Barstad. Dei vanlegaste årsakene til vraking av juletre var glisne tre i Hogganvik, og skeiv stamme, gankvist og mekanisk skade etter hjortebeiting på Barstad. Avkom frå bestandet i Stryn hadde høgt juletreutbytte, men dårlegast overleving, noko som indikerer at frø frå god kulturgran på Vestlandet kan vera like aktuelt til juletre som frøplantasjefrø. Høgare juletreutbytte med materiale frå frøplantasjar, vil krevje kontrollerte parkryssingar av gode klonar.
Publisher
Skogforsk
Series
Rapport fra skogforskningen

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit