dc.contributor.author | Nyeggen, Hans | |
dc.contributor.author | Skage, Jan-Ole | |
dc.date.accessioned | 2020-09-03T07:04:43Z | |
dc.date.available | 2020-09-03T07:04:43Z | |
dc.date.created | 2020-08-27T10:27:31Z | |
dc.date.issued | 2005 | |
dc.identifier.uri | https://hdl.handle.net/11250/2676121 | |
dc.description.abstract | Denne rapporten gjev resultat frå registreringar i eit avkomforsøk med 179 kontrollerte krysningsfamiliar av vanleg gran. Formålet med registreringane var å studere overleving, vekst og kvalitet for å gje grunnlag for utval av halvsyskenfamiliar til produksjon av juletre. Feltet ligg på Råum gard i Søndre Land kommune i Oppland. Krysningane bestod av 179 utvalde mødreklonar kryssa med pollenmiks frå eit utval fedreklonar. Mødreklonane omfatta 174 avlstre frå Austlandet og 5 avlstre frå Vestlandet. Det vart brukt 15 kontrollsortar av austlandsproveniensar og handelsfrø frå frøplantasjar på Austlandet. Vurdering av juletrekvalitetar vart gjort 12 vekstsesongar etter såing. Overlevinga var i gjennomsnitt 57 % for halvsyskenfamiliane og 73 % for kontrollane. Juletreutbyttet av alle planta tre var i gjennomsnitt 16 % for familiane og 20 % for kontrollane. Når ein ser bort frå angrep av grangallelus, auka juletreutbyttet til 28 % for halvsyskenfamiliane og 38 % for kontrollane, medan kontrollane av proveniensar fekk eit høgare juletreutbytte enn frøplantasjekontrollane, høvesvis 43 og 34 %. Dei fem beste familiane gav eit juletreutbytte på 37–43%, eller 52–54% utan omsyn til luseangrepet. Lus, skeiv/krokete stamme og glisne/usymmetriske tre var dei vanlegaste årsakene til vraking av juletre. Dei tre beste mødreklonane i avkomgranskingane bør foredlast vidare i kontrollerte parkrysningar for å auke juletreutbyttet. Dei same halvsyskenfamiliane tilrådast brukt i delar av Oppland og Buskerud (sankeområde Bv). | |
dc.language.iso | nno | |
dc.publisher | Skogforsk | |
dc.relation.ispartof | Rapport fra skogforskningen | |
dc.relation.ispartofseries | Rapport fra skogforskningen | |
dc.title | Juletrekvalitetar etter kontrollerte krysningar med gran frå Drogseth og Romedal frøplantasjar | |
dc.type | Research report | |
dc.description.version | publishedVersion | |
dc.source.issue | 2/05 | |
dc.identifier.cristin | 1825448 | |
cristin.ispublished | true | |
cristin.fulltext | original | |