Vis enkel innførsel

dc.contributor.editorRivedal, Synnøve
dc.contributor.editorØpstad, Samson
dc.date.accessioned2020-11-27T07:25:18Z
dc.date.available2020-11-27T07:25:18Z
dc.date.created2020-11-26T14:31:57Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2689864
dc.description.abstractDreneringstilstand- og drenering av dyrka jord er to sentrale forhold som vedkjem både agronomi og miljø. Dreneringstilstanden er avgjerande for realproduktiviteten i landbruket, og for at produksjonen skal vere så miljøvenleg som råd. Dreneringstilstanden har innverknad på driftsvilkåra og kor årsikker produksjonen i landbruket kan vera. Endra klima med meir nedbør, og meir nedbør også i veksetida, er noko som kan dokumenterast i den seinaste 30-års normalperioden (1991-2020) som snart er komplett. Auka nedbør framover er venta, slår klimaforskarane fast i framskrivingar. Situasjonsomtalen må føra til gjennomslag i handling, ved trong må omfanget av ny drenering aukast. Det som føreligg av opplysningar om kor mykje av dyrka areal i Noreg som ikkje har tilfredsstillande dreneringstilstand er frå Jordbruksteljinga i 2010, der bøndene i svar på tilleggsspørsmål gjev samla opplysning om at 8 % av dyrka areal ikkje er tilfredsstillande drenert. Truleg er det eit for lågt estimat. Årleg drenering av dyrka areal er no mindre enn halvdelen av kva det var før 1985. Fagheftet er ei samling av artiklar om jordfysisk tilstand og karbon i jord, om drenering og korleis drenering verkar på agronomi og samspelet i skjeringspunktet mellom agronomi og miljø. Utsleppet av klimagassar, og korleis det kan påverkast av dreneringstilstand og driftsmåte vert omhandla. Dei fleste artiklane er publiserte i Bondevennen frå mars til november 2020. Artiklane byggjer på resultat blant anna frå forskingsprosjekta Drainimp, Peatinvert, Protein Rich Forage, Longtermgrass, Migmin, Magge-pH og på Nasjonalt program for jordsmonnkartlegging. Forskingsprosjekta var finansiert av Norges Forskingsråd/Forskingsmidlar for jordbruk og matindustri og Horizon 2020. Landbruksnæringa og landbrukstilknytta verksemd (TINE, regionale samarbeidsråd i landbruket, FK Agri, FKRA, Pipelife), Stiftelsen fondet for jord- og myrundersøkelser, Fylkesmannen og fylkeskommunen i ei rekkje fylke var medfinansiørar. Formidlingsprosjektet, som dette heftet er ein del av, er støtta av Landbruksdirektoratet sitt Klima- og miljøprogram. Dette omfattar både nasjonale og fylkesvise midlar frå Hordaland og Sogn og Fjordane, no Vestland. Både forskingsprosjekta og formidlingsprosjektet er samarbeid mellom ulike avdelingar i NIBIO, NMBU, NLR og NORSØK. Formidlingsprosjektet er leia frå NIBIO Fureneset. Målet er at artiklane i dette heftet gjev fagleg forståing og grunnlag for tiltak for betre drenering og driftsvilkår, større arealproduktivitet og redusert utslepp av klimagassar. Artikkelsamlinga i heftet Drenering -Teori og praksis 2013 https://nibio.brage.unit.no/nibio-xmlui/handle/11250/2445537) har ei praktisk tilnærming til ulike problemstillingar ved drenering, medan denne har meir fokus på forskingsresultat. Det er ei offensiv målsetjing i den inngåtte klimaavtalen mellom landbruket og Regjeringa, der fleire av punkta er knytt til jordkultur, plantekultur og fôrkvalitet. Dette er ting som heng saman, og der jordkapitalen er grunnlaget. Heftet er produsert av Bondevennen SA i samarbeid med NIBIO Fureneset.
dc.language.isonno
dc.publisherBondevennen
dc.titleJord, drenering, klimagassutslepp - effekt av ulike agronomiske tiltak
dc.typeResearch report
dc.description.versionpublishedVersion
dc.source.pagenumber40
dc.identifier.cristin1853000
cristin.ispublishedtrue
cristin.fulltextoriginal


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel