Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorRivedal, Synnøve
dc.contributor.authorKnutsen, Heidi
dc.date.accessioned2016-02-03T13:45:47Z
dc.date.accessioned2016-02-08T08:54:34Z
dc.date.available2016-02-03T13:45:47Z
dc.date.available2016-02-08T08:54:34Z
dc.date.issued2016
dc.identifier.isbn978-82-17-01567-3
dc.identifier.issn2464-1162
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2377333
dc.descriptionnb_NO
dc.description.abstractFor å kartlegge behovet for auka lagerkapasitet i Hordaland er det gjennomført telefonintervju av 85 tilfeldig utvalde mjølkeprodusentar blant produsentar med fleire enn 15 kyr. Resultata frå undersøkinga viser blant anna at det er 39% som har mindre enn 8 månader lagerkapasitet, 36% har 8 månader og 11% har 10 eller fleire månader lagerkapasitet. Føreset ein at utvalet i undersøkinga er representativt for alle bruk i Hordaland med meir enn 15 mjølkekyr, er mangelen på lagerkapasitet på rundt 14 000 m3. Med ein kostnad på 828 kr per m3 blir behovet for investering kr 11,8 millionar dersom det skal byggjast nye lager. Det er 42% som oppgir at det er mogleg å leige lager hos andre. Dersom desse kan leige all lagerkapasiteten dei har behov for, blir behovet for nybygg redusert til 6 400 m3 og kr 5,3 millionar. Det er 27% som har planar om å auke driftsomfanget, men vi har ikkje tal på kor store investeringar det er snakk om. Dersom det i ny gjødselvareforskrift blir krav om 10 månader lagerkapasitet, vil det bli eit auka behov for lager på rundt 56 000 m3. Ved nybygg blir investeringane her rundt kr 45 millionar. Spørjeundersøkinga viste at det er 58% som ynskjer å investere dersom det blir krav om auka lagerkapasitet. Legg vi dette til grunn vil 158 produsentar investere kr 27 millionar i rundt 32 000 m3 lager. Mesteparten av gjødsla blir overflatespreidd med bladspreiar, og 87% blandar i vatn før spreiing. Det er 72% av gjødsla som inneheld mindre enn 1 del vatn til 1 del gjødsel ved spreiing. Alle spreier gjødsel vår og sommar, 61% spreier gjødsel tidleg om våren (mars/april) og 51% spreier om hausten (august/september). Dersom vi føreset at det er mengda på 14 000 m3 som blir spreidd om hausten, kan gjødselverknaden auke med 4200 kg nitrogen (N) per år ved å spreie denne gjødsla i vekstsesongen. Reduksjonen i bruken av handelsgjødsel som følgje av dette, kan redusere utsleppet av klimagassen lystgass (N2O) med rundt 33 000 kg CO2-ekvivalentar. Avrenninga av næringsstoff frå husdyrgjødsel til vassdrag i jordbruksområde blir også redusert. Reduksjonen i kostnader til handelsgjødsel kan estimerast til kr 52 500 per år og forsvarar ikkje åleine investeringane i lagerkapasitet. Det er 48% som ser det som relevant å levere gjødsel til eit biogassanlegg i nærleiken. Av dei som har mindre enn 8 månader lagekapasitet kan 70% tenke seg å nytte seg av eit biogassanlegg. Etablering av sentrale biogassanlegg må gjerast der produksjonen av husdyrgjødsel innanfor korte transportavstandar er stor. I tillegg kan store produsentar etablere eigne gardsanlegg. Sortert etter postnummer er det 30 stader i Hordaland der mengdene organisk tørrstoff frå storfegjødsel er over 200 tonn per år og 14 stader der mengdene er over 500 tonn per år (Etne, Vossestrand, Dimmelsvik, Sveio, 5708 Voss, Fitjar, 5700 Voss, Lonevåg, Skulestadmo, Manger, Nordheimsund, 5709 Voss, Sæbøvik og Sletta). Ein må sjå nærmare på transportavstandane mellom bruk med storfe innafor postnummer og mellom postnummer som ligg tett (som til dømes på Voss). I tillegg må ein sjå om det er gjødsel frå andre dyreslag (gris, høns) som kan knytast til same biogassanlegg som storfegjødsla.nb_NO
dc.language.isonobnb_NO
dc.relation.ispartofseriesNIBIO Rapport;2(9)
dc.titleKartlegging av lagerkapasitet for storfegjødsel og aktuelle stader for etablering av biogassanlegg i Hordalandnb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.date.updated2016-02-03T13:45:47Z
dc.subject.nsiVDP::Landbruks- og fiskerifag: 900::Landbruksfag: 910::Fôring: 918nb_NO
dc.subject.nsiVDP::Agriculture and fisheries science: 900::Agricultural sciences: 910::Animal feeding: 918nb_NO
dc.source.pagenumber27nb_NO
dc.identifier.cristin1331609
dc.subject.keywordBiogass / Biogas
dc.subject.keywordHusdyrgjødsel / Husdyrgjødsel
dc.subject.keywordStorfe / Cattle


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel