Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorThorvaldsen, Pål
dc.contributor.authorVelle, Liv Guri
dc.coverage.spatialNorge, Sogn og Fjordane, Flora, Gåsøy, Nærøyanenb_NO
dc.date.accessioned2017-06-12T14:08:34Z
dc.date.available2017-06-12T14:08:34Z
dc.date.created2013-01-23T10:24:13Z
dc.date.issued2013-01-15
dc.identifier.isbn978-82-17-01048-7
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2445859
dc.description.abstractRapporten gir ei vurdering av tilstand og skjøtselsbehov i dei to naturreservata Gåsøy og Nærøyane i Flora kommune basert på feltbefaring i 2011. Kartlegginga av naturtypane er i hovudsak gjort etter det nye NiN-systemet. Kystlynghei, kulturmarkseng og open myrflate er dei mest vanlege naturtypane i dei to reservata. Avgrensingane mellom naturtypane kan vere vanskelege å kartfeste, då dei har glidande overgangar og vekslar på ein liten romleg skala. I tillegg er det ikkje fastsett heilt klare definisjonar på kva som er kva. Denne problematikken er omtala i innleiinga av rapporten. Naturtypane er avgrensa på kart med eigenskapstabell for dei forskjellege polygona i vedlegg. Rapporten har også ei artsliste basert på synfaring. Artslista er ikkje komplett. Det er vidare gjort ei vurdering av tilstanden for dei skjøtselsbetinga naturtypane, og forslag til skjøtsel er lagt fram. Begge reservata har hatt tidlegare busetting og jordbruksdrift som har tatt slutt. Vegetasjonen på både Gåsøy og Nordre Nærøy synte seg å vere i dårleg hevd, og ber preg av at det ikkje har vore beitedyr på øyane på ei god stund. Dette har mellom anna ført til at gjengroing med lauvkratt er i gang, særleg på Nordre Nærøy. Det er også framande artar som sitkagran og platanlønn på øyane. Skjøtselstiltaka på dei to øyane må avgjerast i forhold til dei framtidige målsetjingane for reservata. Dersom ein skal klare å ta vare på dei kulturbetinga naturtypane i dei to naturreservata, vil det vere viktig å komme i gang med kontinuerlege og langsiktige skjøtselstiltak så snart som råd. Dei to reservata skil seg frå kvarandre ved at innslaget av kystlynghei er høgast på Gåsøy, medan Nordre Nærøy har meir kulturmarkseng. Av skjøtselstiltaka som er førespegla i rapporten finn ein beiting, lyngsviing, mekanisk fjerning av problemartar og svartlista artar, samt oppfølging av tiltaka. Det vil vere avgjerande å få på plass langvarige beiteregime for å lukkast med fleire av tiltaka.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherBioforsknb_NO
dc.relation.ispartofBioforsk Rapport
dc.relation.ispartofseriesBioforsk rapport;8(7) 2013
dc.relation.urihttp://www.bioforsk.no/ikbViewer/Content/101886/Bioforsk%20Rapport%208%20(7).pdf
dc.subjectkystlyngheinb_NO
dc.subjectskjøtselnb_NO
dc.titleVurdering av tilstand og skjøtselsbehov i naturreservata Gåsøy og Nærøyane i Flora kommune, Sogn og Fjordanenb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.description.versionpublishedVersionnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Landbruks- og Fiskerifag: 900::Landbruksfag: 910::Naturressursforvaltning: 914nb_NO
dc.source.pagenumber56nb_NO
dc.source.volume8nb_NO
dc.source.issue7nb_NO
dc.identifier.cristin995702
cristin.ispublishedtrue
cristin.fulltextoriginal


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel