Alvorleg sjukdom funnen på bøk
Research report
Published version
View/ Open
Date
2012Metadata
Show full item recordCollections
- Bioforsk TEMA [234]
Abstract
I Bergen, Haugesund, Stavanger og Larvik har vi funne typiske Phytophthora-symptom på bøk (Fagus sylvatica). Ordet Phytophthora tyder planteøydeleggjar (phyto =plante, phthora=øydeleggjar) og skadeorganismar i denne slekta kan ta livet av store tre på relativt kort tid. På verdsbasis spreier Phytophthora-artar seg stadig til nye lokalitetar og vertplanter. Dette skuldast i stor grad internasjonal handel med planter. Det fins over 100 ulike Phytophthora-artar, og mange av dei er svært aggressive og har eit vidt vertplantespekter. Generelt trivest dei best i fuktig jord og vatn, men dei har også tjukkvegga sporar (oosporar) som kan overleva i årevis i jord under ugunstige tilhøve for patogenet. Så langt har vi isolert P. cambivora og P. plurivora frå bøk i Noreg. Begge artane er kjende som skadegjerarar på bøk i parkar og skogplantasjar i mange land i Europa og USA og vert sett på som ein stor trus¬sel mot naturområde.