Barkvalitet i nobeledelgran
Research report
Published version
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2453906Utgivelsesdato
2012Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
For å få kunnskap om barkvalitet på nobeledelgran til pyntegrønt, har det vore etablert og følgd i alt 13 feltforsøk på Sør- og Vestlandet, frå 1982 og fram til i dag. Åtte felt er proveniensforsøk, og fem felt er avkomforsøk med halvsøskenfamiliar frå utvalde mortre og mødreklonar. Dei eldste forsøka er ferdig reviderte og nedlagde, medan nokre forsøk er lagt ned av ulike årsaker før sluttrevisjon. Fire felt er framleis operative, der det er planlagt sluttrevisjonar innan få år. Kvalitetsvurdering av bar er gjort i fem felt. Registreringane vart gjort på alle tre større enn eller lik ein meter, ved å måle vekst, undersøke skadar og feil og ved å måle og vurdere ulike eigenskapar ved greiner, skot og nåler på ei prøvegrein mot sør i fjerde greinkrans frå toppen. Resultata viser at ved bruk av handelsfrø frå USA til pyntegrøntproduksjon, er det ein fordel å bruke frø frå dei nordlegaste proveniensområda i Washington. Nobeledelgran frå norsk og dansk bestandsfrø viste ingen tydelege forskjellar i kvalitet. Ein test av halvsøskenfamiliar frå utvalde norske nobeledelgranbestand er ikkje avslutta, men indikerer så langt at det kan vera kvalitetsvariasjonar mellom familiar.