Landsverneplan for Bioforsk. Del I. Forsøkshistorie 1889-2006. Del 2. Verna bygningar og kulturmiljø.
Abstract
Moderniseringsdepartementet sende i 2005 ut eit brev om at underliggjande institutt, aksjeselskap og foretak der staten er sentral eigar eller bidragsytar, skal utarbeide ein landsverneplan. Bakgrunnen for dette var ei erkjenning av at bygningar og viktige historiske kjelder i statleg eige forfell.
Ein landsverneplan er ei samla oversikt over kulturminne, kulturmiljo og bygningar i statleg sektor som i nasjonal samanheng bor vernast. Planen skal danne grunnlag for vern etter kulturminnelova (verneklasse 1), og eigedomar som statsetaten sjolv vil verne utan formelt lovvern (verneklasse 2).
Grunnlaget for landsverneplanen vart lagt i 2002 da staten starta arbeidet med a utarbeide ei samla oversikt over staten sine kulturhistoriske eigedomar. Det forte til at Planteforsk i 2004 registrerte dei eigedomane og bygningane vi vurderte hadde kulturhistorisk verdi. Under arbeidet med landsverneplanen er fleire bygningar og kulturmiljoet pa dei ulike avdelingane narare vernevurdert. Det omfattar ogsa bygningane Jordforsk og NORSOK hadde med seg inn i Bioforsk i 2006.