Økonomien i jordbruket i Agder-fylka og Rogaland 2016. Trendar og utvikling 2007-2016 Tabellsamling 2012-2016
Research report
View/ Open
Date
2018-02-12Metadata
Show full item recordCollections
- Divisjon for kart og statistikk [575]
- NIBIO RAPPORT [1518]
Abstract
Rapporten viser ei oversikt over utviklinga i landbruket dei siste 10 åra i Rogaland, Vest-Agder og Aust-Agder. Driftsgranskingane i jord- og skogbruk er ei årleg rekneskapsundersøking blant tilfeldig utvalde gardsbruk frå heile landet. I 2016 var det med totalt 920 bruk, der 157 var frå Agderfylka og Rogaland; 101 i Rogaland, 29 i Vest-Agder og 27 i Aust-Agder. Resultata for 2016 viser eit godt år for driftsforma mjølk og storfekjøt, samt mjølk og gris på Jæren som oppnådde høgast jordbruksinntekt per årsverk dette året. For driftsformene mjølk og storfe, samt mjølk og sau i Andre bygder var resultatet uendra. Lågast jordbruksinntekt hadde sauebruk i Andre bygder. Nettoinvesteringane auka markant i Andre bygder, medan dei gjekk ned på Jæren samanlikna med året før. Samla gjeld auka i Andre bygder. På Jæren var gjelda lågare enn året før.