Driftsgranskingar i jord- og skogbruk. Rekneskapsresultat 2012
Abstract
Driftsgranskingane skal vise årlege resultat, og meir langsiktige utviklingslinjer, for økonomien i jordbruket. Undersøkinga er avgrensa til gardsbruk der inntekta frå jordbruket utgjer ein viktig del av den samla inntekta til brukarfamilien.
Driftsgranskingane byggjer på skatterekneskapar som er omarbeidde til driftsrekneskapar. Rekneskapane kjem frå gardsbruk som er spreidde rundt i heile landet. For rekneskapsåret 2012 tok 870 bruk del i driftsgranskingane i jordbruket. Av desse var 142 med i dei spesielle driftsgranskingane i skogbruket. Dessutan leverte 33 samdrifter innan kumjølkproduksjon data til undersøkinga.
Driftsgranskingane omfattar gardsbruk med eit standard dekningsbidrag som minst svarer til 8 ESU (europeiske storleikseiningar). For 2012 gjekk den grensa ved om lag 71 700 kroner.
Økologisk jordbruk, samdrifter innan kumjølkproduksjon, jordbruksfrådrag og tilleggsnæringar til tradisjonelt landbruk er spesialfelt innafor driftsgranskingane. Desse emna vert behandla i eigne avsnitt i rapporten. […]