Driftsgranskingar i jord- og skogbruk. Rekneskapsresultat 2007
Abstract
Hovudformålet med driftsgranskingane er å vise årlege resultat og meir langsiktige utviklingslinjer for økonomien på gardsbruk der inntekta frå jordbruket har eit vesentleg omfang.
Driftsgranskingane byggjer på skatterekneskapar som er omarbeidde til driftsrekneskapar. Rekneskapane kjem frå gardsbruk som er spreidde rundt i heile landet. For rekneskapsåret 2007 deltok 902 bruk i driftsgranskingane i jordbruket. Av desse var 155 også med i dei spesielle driftsgranskingane i skogbruket. Dessutan leverte 32 samdrifter innan kumjølkproduksjon data til undersøkinga.
Driftsgranskingane omfattar i hovudsak familiebruk med ein arbeidsinnsats i jordbruket på mellom 1 800 og 6 000 normerte timar. Eit årsverk i jordbruket er definert til å vere 1 845 arbeidstimar.
Økologisk jordbruk, samdrifter innan kumjølkproduksjon og tilleggsnæringar til tradisjonelt landbruk er spesialfelt innafor driftsgranskingane. Desse emna blir behandla i eigne avsnitt i rapporten. […]