Forsøk på å flytte ein koloss. Dei norske medlemskapsforhandlingane med EU på landbruksområdet 1993–94
Abstract
Denne rapporten er eit resultat av intervju med 20 sentrale personar i tilknyting til dei norske medlemskapsforhandlingane med EU på landbruksområdet i 1993– 1994. Vurderinga er basert på intervju med representantar for Landbruksdepartementet, Utanriksdepartementet, Europakommisjonen, finske forhandlarar, Norges Bondelag og pressefolk. I tillegg er det studert arkivmateriale og anna litteratur om denne perioden.
Ut frå problemstillingar reist innleiingsvis i rapporten er det gjort ei vurdering av den norske forhandlingsinnsatsen på landbruksområdet. Det vart utan tvil lagt ned ein stor arbeidsinnsats frå norsk side i landbruksforhandlingane. Inntrykket er likevel at forhandlingane frå starten ikkje vart ført med ei klar nok forståing av innhaldet i medlemskapsforhandlingar og den strukturelle ubalansen som er til stades i slike forhandlingar. Det er vidare vanskeleg å oppdage ein klar forhandlingsstrategi på norsk side i landbruksforhandlingane. Det var også manglande politisk leiarskap i forhandlingane.
På norsk side var ein ikkje tilstrekkeleg i stand til å gjere nødvendige prioriteringar og endringar av posisjonar under vegs i forhandlingane. Ei sterkare prioritering av gradvis pristilpassing frå norsk side kunne kanskje ført til eit betre forhandlingsresultat på dette viktige området for norsk landbruk og næringsmiddelindustri. Norge var i mindre grad enn Finland i stand til å gjere prioriteringar og endringar av posisjonar under vegs i forhandlingane i Brussel. […]