Driftsgranskinger i jord- og skogbruk. Regnskapsresultater 2006
Abstract
Hovudformålet med driftsgranskingane er å presentere årlege resultat og den meir langsiktige utviklinga for økonomien på gardsbruk der inntekta frå jordbruket har eit vesentleg omfang.
Driftsgranskingane byggjer på skatterekneskapar som er omarbeidde til driftsrekneskap. Rekneskapane kjem frå gardsbruk som er spreidde rundt i heile landet. For rekneskapsåret 2006 deltok 912 bruk i driftsgranskingane i jordbruket. Av desse var 162 også med i dei spesielle driftsgranskingane i skogbruket. Driftsgranskingane omfattar i hovudsak familiebruk med ein arbeidsinnsats i jordbruket på mellom 1 800 og 6 000 normerte timar. Eit årsverk i jordbruket er definert til å vere 1 845 arbeidstimar.
Samdrifter i kumjølkproduksjonen, og tilleggsnæringar til tradisjonelt landbruk, er no spesialfelt innafor driftsgranskingane. I tillegg til at dei viktigaste resultata vert tekne med her i hovudpublikasjonen, vert det gitt ut eigne notat om desse to emna. […]