Vegetasjon og beite i Sortland kommune. Rapport frå vegetasjonskartlegging
Research report
Published version
View/ Open
Date
2001-04-18Metadata
Show full item recordCollections
- NIJOS-rapport [133]
- Publikasjoner fra CRIStin - NIBIO [4586]
Abstract
Fylkesmannen i Nordland, landbruksavdelinga, sette i 1995 i gang områdetakst i Hadsel og Sortland kommunar. Ved sida av produksjonspotensialet for skog, såg Fylkesmannen det som særleg viktig å registrere vilkår for småfebeite. Dette er gjennomført ved å knytte vegetasjonskartlegging til områdetaksten. Vegetasjonskartlegginga er utført på to vis. Skogeierforeningen NOR som har stått for den ordinære skogtaksten på det meste av det økonomisk drivverdige skogarealet, har teke med vegetasjonstypar som tilleggsparameter under takseringa. NIJOS har utført ordinær vegetasjonskartlegging på skog og snaumark som fell utanom takstarealet. Skogfaglege registreringar i skog er her teke med etter ein forenkla instruks. Ut frå vegetasjonskartet er det laga avleia beitekart for sau. NIJOS i samarbeid med Skogeierforeningen NOR, har vegetasjonskartlagt Sortland kommune (579 km²). Det er framstilt vegetasjonskart og 2 avleia temakart. Kartlegginga er utført etter NIJOS sitt system for vegetasjonskartlegging i M 1:50 000. Rapporten beskriv metode for arbeidet og gjev ei nærare omtale av registrerte vegetasjonstypar og korleis desse fordeler seg i området. Det er gjeve særskilt omtale av kva informasjon som kan avleiast frå vegetasjonskartet med omsyn på beite for husdyr.