Rapport til landskapskart over Galhøpiggen-Glittertind med omkringliggjande dalar. Skildring av områda
Research report
Published version
View/ Open
Date
1999-06-01Metadata
Show full item recordCollections
- NIJOS-rapport [133]
- Publikasjoner fra CRIStin - NIBIO [4586]
Abstract
I 1993 starta eit prosjekt om utarbeiding av forvaltningsplanar for nasjonalparkar, eksempelområdet var delar av Jotunheimen nasjonalpark og Lom kommune. Dette arbeidet er presentert i NIJOS-rapport 11/99 «Utarbeiding av forvaltningssoner for nasjonalparkar og deira nærområde». Rapporten vart fyrst levert som hovudfagsoppgåve i geografi, studieretningen Ressursgeografi og landskapsøkologi ved universitetet i Oslo (Lykkja, 1998).Denne rapporten som lesaren no har framfor seg viser delar av det empiriske materialet som låg til grunn for utviklinga av forvaltningssone-modellen. Skildringane syner kva for arbeid som ligg bak dei tre landskapskarta som følgjer rapporten, og som inndelinga av forvaltningssoner baserer seg på. Skildringane som følgjer kvar region, underregion og landskapsområde, tener som grunngjeving for grensedraginga (kart 1), og som bakgrunn for å inndele områda i landskapstypar (kart 2). Skildringane forklarar og kva for kvalitetar som er vektlagt med omsyn til landskaps-evalueringa (kart 3). Rapporten tek for seg ein metode som operasjonaliserer omgrep som urørt natur/villmarkspreg, særprega og vakre landskap/landskapstypar, og landskapskvalitetar som er viktige for oppleving (særleg med tanke på friluftsliv/rekreasjon).