Driftsgranskingar i jord- og skogbruk. Rekneskapsresultat 2017
Abstract
Kort om undersøkinga Driftsgranskingane skal vise årlege resultat og meir langsiktige utviklingslinjer for økonomien i jordbruket. Undersøkinga er avgrensa til gardsbruk der inntekta frå jordbruk utgjer ein viktig del av den samla inntekta til brukarfamilien. Driftsgranskingane byggjer på skatterekneskapar som er omarbeidde til driftsrekneskapar. Rekneskapane kjem frå gardsbruk som er spreidde rundt i heile landet. For rekneskapsåret 2017 har 928 driftseiningar teke del i driftsgranskingane i jordbruket. Her er 10 samdrifter innan kumjølkproduksjon medrekna. Gjennomsnittsresultata til deltakarane i den enkelte samdrifta er publiserte som samdrifta sitt resultat, og samdrifta vert rekna som ei driftseining. 133 av driftseiningane har vore med i dei spesielle driftsgranskingane i skogbruket. Driftsgranskingane omfattar gardsbruk med ei standard omsetning som minst svarer til kr 150 000...