Endringar i jordbruksareal og dyretal på Sør- og Vestlandet 1989 - 2011
Research report
Published version
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2653853Utgivelsesdato
2012Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Jorbruksareal I Noreg var det auke i jordbruksarealet i drift fram til 2001. Etter det har det minka kvart år. I Agder fylka var det ein auke i fulldyrka areal i perioden 1989-1999. Etter det har det vore ein jamn nedgang noko større enn landsgjennomsnittet. På Vestlandet utanom Rogaland starta nedgangen i fulldyrka areal tidlegare og nedgangen har også her vore sterkare enn landsgjennomsnittet. I Hordaland har nedgongen vore særleg stor på kysten og i ytre fjordstrøk. I Sogn og Fjordane har det òg vore størst nedgong på kysten. I Aust-Agder er nedgongen størst i innlandskommunane. I Rogaland har det vore nedgang etter 2001. Hordaland er det fylket som har hatt størst nedgang i fulldyrka areal, heile 23 % i perioden 1989 - 2009. I perioden 1999 – 2009 har det vore ein jamn nedgong i overflatedyrka areal i alle fylke med unntak av Rogaland. Målt i dekar er nedgongen størst i Hordaland og Sogn og Fjordane. I prosent er nedgongen størst i Vest-Agder og Møre og Romsdal. Det har vore ein auke i arealet av innmarksbeite i alle fylka, men det er berre i Aust-Agder auken har vore større enn landsgjennomsnittet. Mykje av registrert auke i innmarksbeitearealet har samanheng med regelverksendring i 1997 som gjorde det lettare å ta med slikt areal. Auken i innmarksbeiteareal har vore størst i innlandskommunane. Husdyr I perioden 2000 – 2011 har det på landsplan vore stor nedgang i talet på mjølkekyr og auke i talet på ammekyr. Vidare har det vore nedgang i talet på vinterfôra sauer og auke i talet på utegangarsau. På landsplan har nesten kvar fjerde mjølkekyr blitt borte i perioden 2000-2011. Rogaland har mindre nedgang enn landsgjennomsnittet (19 %), medan dei fem andre fylka har større nedgang enn landsgjennomsnittet (27 – 31 %). Av ammekyr har det vore ein auke i heile perioden, men langt mindre enn reduksjonen i tal mjølkekyr. Auken i tal ammekyr har vore størst i Rogaland og Agder-fylka, og minst i Hordaland og Sogn og Fjordane. Den geografiske oppsplittinga syner at det er nedgang i talet på kyr overalt, men at det er størst nedgang på kysten og i ytre fjordstrøk. Dette med unntak av Vest-Agder der det er størst nedgang i innlandskommunane. I Hordaland og Sogn og Fjordane er nedgangen så stor at sjølv innlandskommunane med minst nedgang, har større nedgang enn landsgjennomsnittet. På sau er biletet noko meir varierande. Det er nedgang i Agder fylka og dei tre nordlegaste Vestlandsfylka, men ein stor auke i Rogaland. Agder fylka og Sogn og Fjordane skil seg ut med stor nedgang i sauetalet. I Aust-Agder har det vore svært stor nedgang i innlandskommunane. I Vest-Agder og Sogn og Fjordane har nedgangen vore størst på kysten. Auken i talet på utegangarsau har fyrst og fremst kome i Hordaland og Rogaland. I Møre og Romsdal har det vore ein auke i både talet på vintefora sauer (v.f.s.) og utegangarsau på kysten. I resten av fylket har det vore nedgang. Mest i ytre fjordstrøk. I Hordaland har det vore nedgang i talet på v.f.s. i heile fylket, mest i ytre fjordstrøk. Samstundes har det vore ein markant auke i talet på utegongarsau. Dette har halde oppe sauetalet i kystkommunane og gjort til at den samla nedgangen i ytre fjordstrøk er mindre enn i innlandskommunane. I Rogaland har det vore stor auke både i talet på v.f.s. og i talet på utegongarsau. Det har vore auke i heile fylket, men størst har auken vore i Ryfylke og på Jæren. Endringar i jordbruksareal og dyretal på Sør- og Vestlandet 1989 - 2011