Bevaring ved bruk. Nye lokalsortar i engvekstene timotei, engsvingel og raudkløver. Årsrapport 2015
Original version
NIBIO Rapport. 19 p. NIBIO, 2016Abstract
Eit prosjekt finansiert av Norsk genressurssenter har sidan 2003 hatt som mål å utvikle nye
lokalsortar (landsortar, gardsstammer) i tre av våre viktigaste engvekster. Desse vekstene er
grasartane timotei (Phleum pratense) og engsvingel (Festuca pratensis), og belgveksten
raudkløver (Trifolium pratense). Metoden for å få til dette er enkel: Først blir dei tre artane
sådd ut i blanding, deretter blir enga hausta til fôr dei neste to åra og til slutt lar ein enga stå til
frø det tredje engåret. Frøet som så blir hausta blir brukt til å anlegge nytt felt på samme staden.
Kvar engsyklus tek fire år, og tanken er at etter gjentatte syklusar vil artane tilpasse seg klima og
driftsmåte på staden, og bli til nye lokalsortar. Denne metoden liknar på måten me fekk tilpassa
norske sortar den tida engdyrking starta opp i Norge sist på 18oo-talet. Det vart brukt importert
frø av sortar som ikkje var tilpassa norsk klima og engene overvintra dårleg. Ved å produsere frø
på garden på overlevande planter fekk ein etter kvart sortar tilpassa norske forhold.
Prosjektet starta med å krysse saman breie populasjonar av dei tre artane (2003-2006). Desse
var basert på innsamlingar lagra hos Nordgen, men også av moderne handelssortar. I 2007
starta den første engsyklusen med 7 engfelt. Desse felta var 600 m2 og plassert på Bioforskstasjonar
og hos Norsk landbruksrådgjeving. I 2011 starta andre engsyklus. Totalt 15 felt vart
sådd i hovedsak på vidaregåande skular med naturbrukslinje. Felta er i denne runda berre 100 m2, noko som skal gjere det overkommeleg med manuell frøhausting. Frø har vorte hausta
på desse felta i 2014 og 2015, men det er att nokre felt det ikkje er hausta frø på enno.