Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorDaugstad, Kristin
dc.coverage.spatialNorge, Oppland, Øystre Slidre, Heggenesnb_NO
dc.date.accessioned2017-02-28T10:11:03Z
dc.date.available2017-02-28T10:11:03Z
dc.date.created2017-02-28T10:39:18Z
dc.date.issued2017-02-28
dc.identifier.isbn978-82-17-01810-0
dc.identifier.issn2464-1162
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2432287
dc.description.abstractNaturgrunnlag og tradisjon legg til rette for at Oppland er eit grovfôr og beitefylke. Så lenge dagens dyretal held seg vil både innmarksbeite og utmarksbeite bli brukt. Nedlegging av mange gardsbruk og utviklinga mot færre og større besetningar fører til at mange små beiteareal går ut av bruk. I andre delar av Oppland er det auka press på først og fremst dyrkamarka, men også på bruken av innmarksbeite. Etter at kravet om gjødsling av innmarksbeita vart fjerna har det vore ein auke i areal innmarksbeite i Oppland. Både denne auken og andelen innmarksbeite i forhold til dyrkamark varierer frå kommune til kommune. Fleire stader er utmarksbeitet av så god kvalitet at det er lite bruk av innmarksbeite. Landbrukskontora i 17 kommunar i Oppland tilhøyrande AK-sone 5, vart spurt om bruken av innmarksbeita, omfanget av nye beite og kva erfaring dei har med godkjenninga av innmarksbeite for produksjonstilskot. Tilbakemeldingane er at godkjenninga av innmarksbeite går bra, og at den blir bedre med auka erfaring. Framgangsmåten blir diskutert på fellessamlingar og med kollegaer elles for å få praksisen mest muleg lik. Bruken av innmarksbeita er variabel, og det er særleg små beite som ligg langt frå besetninga som går ut av bruk. Mange dårlege gjerde hindrar også bruken av beita. Det er ulik praksis på om innmarksbeita blir gjødsla eller ikkje. I område der det er tradisjon for ikkje å gjødsle er det fleire beite som får RMP-tilskot for stort biologisk mangfald. Det blir brukt SMIL-middel for å rydde attgrodde beiter. Sjøl om grunneigar ikkje har plikt til å søke om å gjere om skog til beite er landbrukskontoret gjerne involvert ved oppstart. Dette gjeld i alle fall i dei kommunane der det er eit visst omfang av nye beite frå skog. Det blir ofte gjødsla og tilsådd med beitefrøblanding på nye beite, og då blir beitet raskare klassifisert som innmarksbeite. Nye beite som berre blir rydda for skog kan det ta lengre tid å få godkjent. Det blir anlagt nye beite både i gardsnære område og i tilknytning til seterområde. Skogen som blir rydda kan også vere attgrodd historisk beitemark. I enkelte kommunar er det vanleg å gjerde inn delar av utmarka for å ha betre kontroll på dyra. Manglande gjerde mellom innmark og utmark gjer at beiting i bygdenær utmark mange stader er nærast umuleg.nb_NO
dc.language.isonobnb_NO
dc.publisherNIBIOnb_NO
dc.relation.ispartofNIBIO Rapport
dc.relation.ispartofseriesNIBIO Rapport;3(31) 2017
dc.subjectArealbruknb_NO
dc.subjectLand-usenb_NO
dc.titleInnmarksbeite – areal og tilstand i 17 kommunar i Opplandnb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Landbruksfag: 910nb_NO
dc.subject.nsiVDP::Agricultural sciences: 910nb_NO
dc.source.pagenumber23nb_NO
dc.source.volume3nb_NO
dc.source.issue31/2017nb_NO
dc.identifier.cristin1454496
dc.relation.projectNIBIO - Norsk institutt for bioøkonomi: 10436nb_NO
cristin.ispublishedtrue
cristin.fulltextoriginal


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel