Bevaring ved bruk – Nye lokalsortar i engvekstene timotei, engsvingel og raudkløver. Årsrapport 2016
Research report
View/ Open
Date
2017-03-06Metadata
Show full item recordCollections
- Divisjon for matproduksjon og samfunn [1038]
- NIBIO RAPPORT [1517]
Abstract
Eit prosjekt finansiert av Norsk genressurssenter har sidan 2003 hatt som mål å utvikle nye lokalsortar (landsortar, gardsstammer) i tre av våre viktigaste engvekster. Desse vekstene er grasartane timotei (Phleum pratense) og engsvingel (Festuca pratensis), og belgveksten raudkløver (Trifolium pratense). Metoden for å få til dette er enkel: Først blir dei tre artane sådd ut i blanding, deretter blir enga hausta til fôr dei neste to åra og til slutt lar ein enga stå til frø det tredje engåret. Frøet som så blir hausta blir brukt til å anlegge nytt felt på samme staden. Kvar engsyklus tek fire år, og tanken er at etter gjentatte syklusar vil artane tilpasse seg klima og driftsmåte på staden, og bli til nye lokalsortar. Denne metoden liknar på måten me fekk tilpassa norske sortar den tida engdyrking starta opp i Norge sist på 18oo-talet. Det vart brukt importert frø av sortar som ikkje var tilpassa norsk klima og engene overvintra dårleg. Ved å produsere frø på garden på overlevande planter fekk ein etter kvart sortar tilpassa norske forhold. Prosjektet starta med å krysse saman breie populasjonar av dei tre artane (2003-2006). Desse var basert på innsamlingar lagra hos Nordgen, men også av moderne handelssortar. I 2007 starta den første engsyklusen med 7 engfelt. Desse felta var 600 m2 og plassert på Bioforsk-stasjonar og hos Norsk landbruksrådgjeving. I 2011 starta andre engsyklus. Totalt 15 felt vart sådd i hovedsak på vidaregåande skular med naturbrukslinje. Felta er i denne runda berre 100 m2, noko som skal gjere det overkommeleg med manuell frøhausting. Frø har hittil vorte hausta på 11 av desse felta. Tre felt har gått ut og eitt felt skal haustast i 2017.