Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorDaugstad, Kristin
dc.coverage.spatialNorge, Oppland, Øystre Slidre, Heggenesnb_NO
dc.date.accessioned2017-03-16T12:26:33Z
dc.date.available2017-03-16T12:26:33Z
dc.date.created2017-03-06T11:06:24Z
dc.date.issued2017-03-06
dc.identifier.isbn978-82-17-01790-5
dc.identifier.issn2464-1162
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2434364
dc.description.abstractEit prosjekt finansiert av Norsk genressurssenter har sidan 2003 hatt som mål å utvikle nye lokalsortar (landsortar, gardsstammer) i tre av våre viktigaste engvekster. Desse vekstene er grasartane timotei (Phleum pratense) og engsvingel (Festuca pratensis), og belgveksten raudkløver (Trifolium pratense). Metoden for å få til dette er enkel: Først blir dei tre artane sådd ut i blanding, deretter blir enga hausta til fôr dei neste to åra og til slutt lar ein enga stå til frø det tredje engåret. Frøet som så blir hausta blir brukt til å anlegge nytt felt på samme staden. Kvar engsyklus tek fire år, og tanken er at etter gjentatte syklusar vil artane tilpasse seg klima og driftsmåte på staden, og bli til nye lokalsortar. Denne metoden liknar på måten me fekk tilpassa norske sortar den tida engdyrking starta opp i Norge sist på 18oo-talet. Det vart brukt importert frø av sortar som ikkje var tilpassa norsk klima og engene overvintra dårleg. Ved å produsere frø på garden på overlevande planter fekk ein etter kvart sortar tilpassa norske forhold. Prosjektet starta med å krysse saman breie populasjonar av dei tre artane (2003-2006). Desse var basert på innsamlingar lagra hos Nordgen, men også av moderne handelssortar. I 2007 starta den første engsyklusen med 7 engfelt. Desse felta var 600 m2 og plassert på Bioforsk-stasjonar og hos Norsk landbruksrådgjeving. I 2011 starta andre engsyklus. Totalt 15 felt vart sådd i hovedsak på vidaregåande skular med naturbrukslinje. Felta er i denne runda berre 100 m2, noko som skal gjere det overkommeleg med manuell frøhausting. Frø har hittil vorte hausta på 11 av desse felta. Tre felt har gått ut og eitt felt skal haustast i 2017.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNIBIOnb_NO
dc.relation.ispartofNIBIO Rapport
dc.relation.ispartofseriesNIBIO Rapport;3(20) 2017
dc.subjectTimoteinb_NO
dc.subjectTimothynb_NO
dc.titleBevaring ved bruk – Nye lokalsortar i engvekstene timotei, engsvingel og raudkløver. Årsrapport 2016nb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Planteforedling, hagebruk, plantevern, plantepatologi: 911nb_NO
dc.subject.nsiVDP::Plant breeding, horticulture, plant protection, plant pathology: 911nb_NO
dc.source.pagenumber19nb_NO
dc.source.volume3nb_NO
dc.source.issue20/2017nb_NO
dc.identifier.cristin1455919
dc.relation.projectNIBIO - Norsk institutt for bioøkonomi: 311016nb_NO
cristin.ispublishedtrue
cristin.fulltextoriginal


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel