Pyntegrønt i edelgran. Klippemetodar og barproduksjon
Research report
Published version
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2453880Utgivelsesdato
2012Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
For å få meir kunnskap om barproduksjon på nobeledelgran og andre edelgraner til pyntegrønt, har det vore gjennomført i alt åtte feltforsøk på Vestlandet. I desse forsøka inngår artane nobeledelgran, nordmannsedelgran, fageredelgran og fjelledelgran. Fire felt er klippemetode- og barproduksjonsforsøk. Dei andre felta er barproduksjonsforsøk. Forsøka har gått over ein periode på 30 år. Resultata viser at kransklipping i 6. greinkrans frå toppen gav mest dekorasjonsbar. Dette forklarar vi med at klipping i 6. krans gir ei lang grein med eitt eller to greinkors meir enn ved klipping i 4. eller 5. krans og dermed større masse. Fageredelgran hadde produksjon på høgde med, eller noko betre enn, nobeledelgran. Nordmanns- og fjelledelgran gav lite dekorasjonsbar, og er truleg dei minst eigna til pyntegrøntproduksjon av treslaga som har vore testa.