Potetdrank – lokal fôrressurs. Mulegheiter og avgrensingar for auka bruk i storfehaldet på Innherred
Abstract
Ved produksjon av potetsprit vert det att eit flytande biprodukt som vert kalla drank. Dranken inneheld alle dei stoffa i poteta som ikkje er gjæra til alkohol. Praktiske erfaringar har vist at potetdrank er eit smakeleg fôr som kan være rekningssvarande å utnytte i mjølkeproduksjonen. I eit forprosjekt er det tatt ut prøver av drank og resultata er drøfta i høve til tidlegare analysar og resultat av fôringsforsøk. Ein har gjennomført samtalar med forskarar, rådgjevarar og bønder om fordelar og utfordringar med bruk av drank. Det er også foreslått kva ein bør gripe fatt i dersom det er aktuelt med ei oppfølging av forprosjektet.