Verdiskaping i jordbruket i Aust- og Vest-Agder
Research report
Published version
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2463861Utgivelsesdato
2011Metadata
Vis full innførselSamlinger
- NILF Notat [338]
Sammendrag
I 2008 berekna NILF verdiskaping frå jordbruk og tilleggsnæringar i Agder-fylka på bakgrunn av data frå 2006. Hovudmålet for dette prosjektet, som er gjennomført i 2011, har vore å oppdatere desse berekningane. Dei oppdaterte berekningane er basert på data frå 2009, som er det siste året ein har økonomiske data frå. Det er i alt registrert 13 000 landbrukseigedomar i Agder. Talet på landbrukseigedomar endrar seg lite frå år til år, medan talet aktive bønder går ned. I 2006 var det 1 910 som søkte om produksjonstilskot i dei to fylka. Tre år seinare, i 2009, var talet søkjarar redusert med 19 i Aust-Agder og 22 i Vest-Agder. Totalt var det 1 869 som søkte tilskot i dei to fylka i 2009, 701 i Aust-Agder og 1 168 i Vest-Agder. Frå 2006 til 2009 er jordbruksarealet gått ned med 0,4 prosent i Aust-Agder og 0,8 prosent i Vest-Agder. Totalt jordbruksareal i drift var 303 641 dekar i Agderfylka i 2009. Gjennomsnittleg jordbruksareal per eining har auka frå 155,8 dekar til 159,4 dekar i Aust-Agder og frå 162,5 dekar til 164,3 dekar i Vest-Agder.