Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorRekdal, Yngve
dc.coverage.spatialNorge, Hedmark, Alvdal, Tynsetnb_NO
dc.date.accessioned2018-01-18T16:20:48Z
dc.date.available2018-01-18T16:20:48Z
dc.date.issued2009
dc.identifier.isbn978-82-311-0078-2
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2478261
dc.description.abstractVegetasjonskart gjev eit bilete av den mosaikken av vegetasjonstypar som det naturlege plantedekket består av. Ein vegetasjonstype er ei karakteristisk samling planteartar som vil gå att på lokalitetar med like veksetilhøve. Ei oversikt over utbreiinga av vegetasjonstypar gjev oss på denne måten informasjon også om variasjonen i økologiske faktorar (klima, næring og vatn i jorda, snødekke og kulturpåverknad) i eit område. I tillegg kan kvar vegetasjonstype tilleggast eigenskapar med omsyn til ulik ressursutnytting og bruk (beite, slitestyrke for ferdsel, artsmangfald m.m.). Kring innsjøen Savalen i Tynset og Alvdal kommunar er det vegetasjonskartlagt eit areal på 124 km² (108 km² er landareal) på oppdrag frå landbruksetaten i kommunane. Viktigaste målsettinga med kartlegginga er å lage eit grunnlag for planlegging av beitebruk i området. Kartlegginga er gjort etter Skog og landskap sin instruks for vegetasjonskartlegging i M 1:20 000 - 50 000. Det er framstilt vegetasjonskart og avleia temakart for sauebeite og storfebeite, samt kart over viktige naturtypar for biologisk mangfald. Berggrunnen i området er dominert av fyllitt, glimmerskifer og amfibolitt. Dette er bergartar som er lett vitterlege og vanlegvis gjev god tilgang på plantenæring, sjøl om ein del variasjonar vil finnast. Med unnatak av dei mest eksponerte høgdene, har lausmassar jamn og ofte tjukk dekning i heile området. Mykje av dette er morene som gjennomgåande er grovkorna. Området har eit typisk innlandsklima med låg vintertemperatur og høg sommartemperatur i høve til høgda over havet. Nedbøren er låg med kring 400 mm i årsnedbør. 78% av kartleggingsområdet ligg under skoggrensa som går kring 950 m o.h. Opp til barskoggrensa vel 800 m o.h blir vegetasjonen dominert av fattig furuskog, mest lav- og lyngrik furuskog, men med innslag av blåbærfuruskog på friskare parti. Over barskogen kjem eit band av bjørkeskog opp til skoggrensa kring 950 m o.h. Bjørkeskogen er mest av blåbærtype, men innslag finst av rikare skog. Skogar av lav- og lyngrik type utgjer samla 44% av arealet under skoggrensa, blåbærskogar 27% og engskogar 7%. På vestsida av Savalen ligg store myrareal. Mykje av myrarealet er rik- eller ekstremrik myr. Mange setrer ligg i området.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNorsk institutt for skog og landskapnb_NO
dc.relation.ispartofseriesOppdragsrapport fra Skog og landskap;04/2009
dc.subjectRessurskartleggingnb_NO
dc.subjectVegetasjonskartleggingnb_NO
dc.subjectUtmarksbeitenb_NO
dc.titleVegetasjon og beite kring Savalen. Rapport frå vegetasjonskartlegging i Tynset og Alvdal kommunarnb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Landbruks- og Fiskerifag: 900::Landbruksfag: 910::Naturressursforvaltning: 914nb_NO
dc.source.pagenumber58nb_NO
dc.source.issue04nb_NO
dc.identifier.cristin1539994


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel