Økonomien i jordbruket på Vestlandet. Trendar og økonomisk utvikling siste tiåret, 1998-2007
Research report
Published version
![Thumbnail](/nibio-xmlui/bitstream/handle/11250/2479008/NILF-Notat-2009-04.pdf.jpg?sequence=5&isAllowed=y)
View/ Open
Date
2009-02Metadata
Show full item recordCollections
- NILF Notat [338]
- Publikasjoner fra CRIStin - NIBIO [4576]
Abstract
«Driftsgranskingar i jord- og skogbruk» er ei årleg rekneskapsgransking der det inngår ca. 900 bruk over heile landet. Grunnlagsmaterialet for denne granskinga er omfattande, og mange data vert det ikkje plass til i den landsdekkande publikasjonen. Det er stor etterspurnad etter lokale økonomiske data for Vestlandet. I tillegg er det eit mål for NILF å gjere data frå driftsgranskingane lettare tilgjengelege. Notatet er basert på driftsgranskingsdata frå dei tre vestlandsfylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Det deltek 168 bruk frå Vestlandet i granskinga, knapt 60 bruk frå kvart fylke. Dei økonomiske dataa i 10-årstrendane i kapittel fire er deflaterte etter konsumprisindeksen, medan 5-årsoversiktene i tabellsamlinga inneheld beløp i nominelle kroner frå kvart av åra. Kontinuiteten blant deltakarane i statistikken er god, derfor vil trendane over 5 10 år gje ei god oversikt over den økonomiske utviklinga i jordbruket i landsdelen. I tillegg til driftsøkonomien er totaløkonomien på bruka godt dokumentert.