Juletrekvalitetar i eit utval av fjelltre frå Nord-Amerika og Aust-Asia
Research report
Published version
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2484452Utgivelsesdato
2008-05Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Denne rapporten omtalar ein forsøksserie med dei nordamerikanske treslaga blågran (Picea pungens Engelm.), engelmannsgran (Picea engelmannii Parry), fjelledelgran (Abies lasiocarpa (Hook.) Nutt.) og korkedelgran (Abies lasiocarpa var. arizonica (Merriam) Lemmon), og dei austasiatiske treslaga ajangran (Picea jezoensis (Sieb. et. Zucc.) Carr.) og hondogran (Picea jezoensis var. hondoensis (Mayr) Rehd.). Formålet med forsøket har vore å finne ut om proveniensar av desse treslaga, dei fleste henta frå høgt over havet i dei naturlege utbreiingsområda, kan vera eigna til juletredyrking i låglandet og dalstrok i Sør-Noreg. Forsøksmaterialet omfattar ein proveniens av kvar av ajan- og hondogran, og frå to til seks proveniensar av kvart av dei andre treslaga. Eitt forsøksfelt vart lagt ut i kvar av kommunane Bergen, Hjartdal, Modum, Rennebu, Ringebu og Trysil .....