Vegetasjon og beite aust for Lona. Rapport frå vegetasjonskartlegging i Vingelen i Tolga kommune
Research report
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2485503Utgivelsesdato
2008Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Vegetasjonskart gjev eit bilete av den mosaikken av vegetasjonstypar som det naturlege plantedekket består av. Ein vegetasjonstype er ei karakteristisk samling planteartar som vil gå att på lokalitetar med like veksetilhøve. Ei oversikt over utbreiinga av vegetasjonstypar gjev oss på denne måten informasjon også om variasjonen i økologiske faktorar (klima, næring og vatn i jorda, snødekke og kulturpåverknad) i eit område. I tillegg kan kvar vegetasjonstype tilleggast eigenskapar med omsyn til ulik ressursutnytting og bruk (beite, slitestyrke for ferdsel, artsmangfald m.m.). På oppdrag frå Tolga kommune nord i Hedmark, er det vegetasjonskartlagt 87 km² i bygda Vingelen. Viktigaste målsettinga med kartlegginga er å lage eit grunnlag for planlegging av beitebruk og landskapsskjøtsel i området. Kartlegginga er gjort etter Skog og landskap sin instruks for vegetasjonskartlegging i M 1:20 000 - 50 000. Det er framstilt vegetasjonskart og avleia temakart for sauebeite, storfebeite og naturtypar. Av kartleggingsområdet, aust for Lona, ligg 47% av arealet i fjellbjørkebeltet frå 700 m o.h. til skoggrensa kring 950 m. Resten av arealet ligg mellom 950 og 1200 m, med søre Langfjellshogna som høgast (1210 m). Området har eit typisk innlandsklima med kald vinter og varm sommar sett i høve til høgda. Årsnedbøren i bygda ligg på knapt 500 mm. Lett vitterlege bergartar dominerer berggrunnen og gjev godt grunnlag for plantevokster. Området har jamt lausmassedekke. […]