Potensial for dyrking av fôrmais i Noreg
Research report
Published version
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2505644Utgivelsesdato
2005Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Ulike sortar av fôrmais vart i åra 2002-2004 dyrka i forsøk på Jæren og ved Trondheimsfjorden i Nord-Trøndelag. I to av åra vart plastdekke frå våren av lagt inn som forsøksfaktor. På grunnlag av oppnådd avlingsmengde og kvalitet, vêrdata for forsøksåra og for tiårsperioden 1995-2004 på desse lokalitetane og for Tjølling i Vestfold og Ås i Akershus, vart potensialet og risikoen for avlingssvikt ved fôrmaisdyrking drøfta. Konklusjonen vart at fôrmaisproduksjon i Trøndelag og på Jæren er eit risikoforetak, også dersom ein legg inn bruk av plastdekke frå våren av. Truleg var åra 1997 og 2002 dei to einaste i tiårsperioden 1995-2004 at ein kunne ha oppnådd store avlingar med god nok kvalitet. Tjølling i Vestfold var den sikraste lokaliteten av dei fire ein såg på, men også her var mange av somrane i tiårsperioden truleg for dårlege for det aktuelle sortsmaterialet, også med bruk av plast. Potensial for dyrking av fôrmais i Noreg