Markslag og jordsmonn på Haugehåtveit nedre, 833-97/10, i Tokke kommune, Telemark
Abstract
Norsk Institutt for Skog og Landskap har etter oppdrag for Tove Bringsvær, Bø ajourført markslag og kartlagt jordsmonnet på dyrka mark på garden Haugehåtveit nedre i Tokke kommune. Jordsmonn og markslag er kartlagt etter gjeldande instruksar og etter gjeldande retningsliner for partsnøytral informasjon frå instituttet. Markslaget blei først kartlagt i 1971, og seinare ajourført basert på fotografering frå 1999. Siste ajourføring skjedde etter feltkontroll 20.-21. mai 2007. Då blei også jordbruksarealet jordsmonnkartlagt. Feltkontrollen førte til endra markslag for tre areal på grunn av omfanget av gjengroing (Figur 2-1, Figur 2-4, Figur 2-6). Den dyrka marka består av djup morenejord dominert av grushaldig siltig mellomsand. Stein- og blokkinnhaldet i øvre ½ meter er vurdert til 5-10m3 per dekar og hellingsgraden varierer mellom 10 - 20%. Klimaforholda er viktigaste begrensande faktor for jordbruksproduksjon. Delar av arealet treng grøfting. Gardskartet viser eit totalareal på 414,9 dekar. Av dette er 25,8 dekar fulldyrka, lettbrukt jord, 367,2 dekar skog med middels bonitet og 10,3 dekar skog med høg bonitet. Markslag og jordsmonn på Haugehåtveit nedre, 833-97/10, i Tokke kommune, Telemark