Økonomien i jordbruket i Agder-fylka og Rogaland 2017. Trendar og utvikling 2008-2017. Tabellsamling 2013-2017
Research report
Published version
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2645569Utgivelsesdato
2020-03Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Divisjon for kart og statistikk [564]
- NIBIO RAPPORT [1499]
- Publikasjoner fra CRIStin - NIBIO [4576]
Sammendrag
Rapporten viser ei oversikt over utviklinga i landbruket dei siste 10 åra i Rogaland, Vest-Agder og Aust-Agder. Driftsgranskingane i jord- og skogbruk er ei årleg rekneskapsundersøking blant tilfeldig utvalde gardsbruk frå heile landet. I 2017 var det med totalt 928 bruk, der 157 var frå Agderfylka og Rogaland; 98 i Rogaland, 31 i Vest-Agder og 28 i Aust-Agder. Resultata for 2017 viser nedgang i jordbruksinntekt både for Jæren og Andre bygder. Driftsforma mjølk og storfekjøt på Jæren samt mjølk og sau i Andre bygder hadde nedgang, medan mjølk og gris Jæren samt mjølk og storfekjøt Andre bygder hadde ein auke. Mjølk og gris på Jæren var den driftsforma som oppnådde høgast jordbruksinntekt per årsverk dette året. Lågast jordbruksinntekt hadde sauebruk i Andre bygder. Nettoinvesteringane gjekk ned i Andre bygder, medan dei gjekk opp på Jæren samanlikna med året før. Samla gjeld auka i både på Jæren og i Andre bygder.