Prøving av timoteisortar
Research report
Published version
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2726172Utgivelsesdato
2021-02Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Divisjon for matproduksjon og samfunn [975]
- NIBIO RAPPORT [1470]
- Publikasjoner fra CRIStin - NIBIO [4493]
Sammendrag
Ulike timoteisortar er prøvde i rettleiingsprøving hovudsakleg i Sør-Noreg på i alt 32 forsøksfelt. For tida (2020) er tre timoteisortar, ‘Grindstad’, ‘Lidar’ og ‘Liljeros’, marknadsførte i Sør-Noreg. ‘Grindstad’ er ein gammal sort, men står seg framleis godt sjølv om konkurransen frå nyare sortar blir stadig hardare. I denne granskinga gav ‘Liljeros’ større avling enn ‘Grindstad’ i høgareliggjande strøk. I lågareliggjande strøk gav ‘Liljeros’ i middel 11 FEm meir enn ‘Grindstad’ pr. daa, men denne forskjellen var ikkje statistisk signifikant. ‘Liljeros’ stod godt også samanlikna med ‘Lidar’ i høgareliggjande strøk. Andre prøvde norske sortar, ‘Lynne’, ‘Leidang’ og ‘Lerke’, utmerka seg ikkje i forhold til marknadssortane. Dei svenske sortane ‘SW Switch’ og ‘SW Ragnar’ nådde heller ikkje opp til dei norske marknadssortane...