Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHaukås, Torbjørn
dc.contributor.authorHalland, Anders
dc.contributor.authorOlsen, Anastasia
dc.date.accessioned2022-01-27T06:54:55Z
dc.date.available2022-01-27T06:54:55Z
dc.date.created2022-01-25T07:57:00Z
dc.date.issued2022-01
dc.identifier.isbn978-82-17-02997-7
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2873785
dc.description.abstractMjølkeproduksjon er viktig for verdiskaping og sysselsetting i Vestland fylke. Over halvparten av verdiskapinga i landbruket i fylket kjem frå mjølkeproduksjon (Knutsen m.fl., 2018). Dessutan skaper næringa ringverknader i samfunnet, og er viktig for busetnad og samfunnsaktivitet i mange område i fylket. Robotmjølking har endra mykje i kvardagen for dei som driv i næringa, det gjev større høve til å delta aktivt i samfunnet då ein ikkje er så avhengig av å vere i fjøset til faste tider. Roboten er ein sterk drivar i utviklinga, og det er få nybygg i dag utan robot. Nye krav til dyrevelferd og innføring av ny teknologi i produksjonen er ei større utfordring i Vestland enn mange andre område. Små driftseiningar og vanskeleg arrondering med mange små og spreidde teigar og jord som ikkje toler beitetrykk, er utfordringar for vestlandsbonden i tillegg til at økonomien ikkje er tilfredsstillande for mange. Ei spørjeundersøking blant bøndene der nesten halvparten svarde, viser at 19 prosent avsluttar drifta alt i 2024 då dei nye krava til beite og kalvingsbinge trer i kraft. Dei som har problem med å tilpasse seg beitekravet på 12-16 veker, svarer i større grad at dei mest sannsynleg avsluttar produksjonen allereie i 2024. Ytterlegare 24 prosent går ut etter at kravet om lausdrift vert innført frå 2034. På bakgrunn av svara i undersøkinga og opplysningar om mjølkekvote er det framskrive ein volumprognose på 120 til 145 millionar liter kvote i 2034. Dette er ein nedgang på høvesvis 32 prosent og 19 prosent i høve til dagens volum. Berre knapt ein firedel av mjølkeprodusentane svarte at dei hadde nokon som ville overta mjølkeproduksjonen, medan 14 prosent ikkje hadde nokon. Nesten halvparten svarte kanskje, noko som tyder på stor usikkerheit om framtida også med tanke på rekruttering. Omlag 700 båsfjøs må fasast ut fram til 2034. For å halde oppe fylket sin del av den nasjonale produksjonen i framtida, er det nødvendig å investere mellom 2,5 og 2,8 mrd. kr. Dette er berekna på bakgrunn av same mjølkevolum som i dag. I spørjeundersøkinga blant produsentane, var betre økonomi i produksjonen det viktigaste tiltaket for å auke interessa for framtidig mjølkeproduksjon. Analyse av lønsemda i mjølkeproduksjonen under dagens rammevilkår, viser at det i dag ikkje er lønsamt å byggje ut for buskapar under 35 kyr. Eit tiltak som det er rekna på i analyse av lønsemd, er å auke prosentdelen og maksimalbeløpet for investeringstilskot ved utbygging. Areal er eit viktig ressursgrunnlag for mjølkeproduksjon. Undersøkinga viser at om lag to tredelar av grovfôrarealet vil bli nytta som i dag. Om lag 11 prosent av grovfôrarealet til mjølkeprodusentane vil bli liggjande heilt eller delvis brakk etter avslutta mjølkeproduksjon, men det er geografisk variasjon. Kvoteordninga er eit viktig verkemiddel som legg premissar for korleis mjølkeproduksjonen i Vestland fylke og i resten av landet skal sjå ut i framtida. Mange svarte i undersøkinga at tilgang på rimeleg kvote var viktig for utbygging. Skal ein oppnå målet om at Vestland fylke skal halde oppe sin del av den nasjonale mjølkeproduksjonen etter 2034, er det behov for auka utbygging av nye fjøs. Gode rammevilkår for produsentane er viktig for halde oppe verdiskaping og sysselsetting.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherNIBIOen_US
dc.relation.ispartofNIBIO Rapport
dc.relation.ispartofseriesNIBIO-rapport;8(6) 2022
dc.subjectMjølkeproduksjonen_US
dc.subjectLausdriften_US
dc.subjectDyrevelferdskraven_US
dc.subjectØkonomien_US
dc.subjectInvesteringaren_US
dc.subjectRoboten_US
dc.subjectArealbruken_US
dc.titleFramtidig mjølkeproduksjon i Vestland fylke Konsekvensar av nye krav om dyrevelferd i 2024 og 2034en_US
dc.typeResearch reporten_US
dc.description.versionpublishedVersionen_US
dc.source.pagenumber98en_US
dc.source.volume8en_US
dc.source.issue6en_US
dc.identifier.cristin1989056
dc.relation.projectNIBIO - Norsk institutt for bioøkonomi: 52237en_US
cristin.ispublishedtrue
cristin.fulltextoriginal


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel