Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorKnutsen, Heidi
dc.contributor.authorRye, Siv Karin Paulsen
dc.contributor.authorLund, Per Olav
dc.contributor.authorMalasevska, Iveta
dc.date.accessioned2022-04-08T10:43:42Z
dc.date.available2022-04-08T10:43:42Z
dc.date.created2022-04-08T10:56:41Z
dc.date.issued2022-04
dc.identifier.isbn978-82-17-03070-6
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2990742
dc.description.abstractI 2007 vart det første gang utført verdiskapingsberekningar for jordbruket i Møre og Romsdal basert på tal for 2005, og i 2012 vart det gjennomført oppdaterte berekningar basert på tal frå 2010. I denne rapporten er resultatet frå oppdaterte berekningar for jordbruket, basert på tal frå 2020, presentert. I tillegg er det berekna verdiskaping frå landbruksbaserte tilleggsnæringar, skogbruk og landbruksbasert industri. Det er også gjort ein analyse av ringverknader av landbruket i Møre og Romsdal. Det var registrert 13 293 landbrukseigedomar i Møre og Romsdal i 2020. Medan talet på landbruks-eigedomar i Møre og Romsdal er redusert med 6,6 prosent frå 2010 til 2020, er talet jordbruksføretak redusert med 21 prosent. 2 390 jordbruksføretak søkte om produksjonstilskot i 2020. Frå 2010 til 2020 gjekk jordbruksareal i alt i fylket ned med 10 prosent, frå 568 981 dekar til 509 409 dekar. Gjennomsnittsarealet per bruk i Møre og Romsdal var 187 dekar i 2010, 201 dekar i 2015 og 213 dekar i 2020. Verdiskaping frå jordbruket i Møre og Romsdal rekna som bruttoprodukt, er berekna til 1 025 mill. kr i 2020. Det er 49 mill. kr mindre enn det som vart berekna for 2010 (målt i 2020 kr.). Av den totale verdiskapinga frå jordbruket i Møre og Romsdal, kjem 36 % frå kommunane Hustadvika, Surnadal, Molde og Volda. Sysselsettinga i jordbruket er berekna til 2 292 årsverk. Det er 706 årsverk mindre enn i 2010. Frå 2010 til 2020 er verdiskapinga auka med kr 85 500 per årsverk i jordbruket i Møre og Romsdal. Av den totale verdiskapinga i 2020, rekna som bruttoprodukt, kjem 67 prosent frå mjølke-produksjon Samanlikna med 2010, utgjer mjølkeproduksjon tre prosentpoeng mindre av verdiskapinga i fylket. Verdiskapinga i sauehaldet har gått ned med knapt to prosentpoeng frå 2010, medan kjøtproduksjon med ammekyr har auka med fire prosentpoeng i same periode. Svinehaldet har gått ned med eitt prosentpoeng, samanlikna med 2010. Om lag to prosent av dei sysselsette i landet som arbeider i skogbruket, hadde arbeidsstad i Møre og Romsdal, og i 2020 var 132 personar sysselsette i skogbruket i fylket. I Møre og Romsdal ble det avverka ca. 271 200 m3 industrivirke i 2020. Det utgjer om lag 2,6 prosent av den samla avverkinga i landet. Berekna omsetnadsverdi av skogprodukta i Møre og Romsdal er samla berekna til 212 mill. kroner i 2020, og verdiskaping rekna som bruttoprodukt for skogbruket er berekna til 186 mill. kr. Surnadal og Rauma er dei to kommunane som har høgast verdiskaping frå skogbruket i 2020, med høvesvis 19,1 og 16,9 millionar kroner. Leigekøyring og utmarksnæring er dei mest vanlege tilleggsnæringane i Møre og Romsdal. Av dei som driv tilleggsnæring, er det 26 prosent som driv leigekøyring, og 21 som driv ei eller anna form for utmarksnæring. Verdiskaping frå tilleggsnæringar, rekna som bruttoprodukt, er berekna til 162 mill. kr for Møre og Romsdal i 2020. Det er leigekøyring og tenesteyting som bidreg med høgast verdiskaping med i overkant av 40 mill. kr kvar. Av kommunane er det Surnadal som har størst verdiskaping frå tilleggsnæring med 15,6 mill. kroner. Sysselsettinga frå dei landbruksbaserte tilleggsnæringane er berekna til 165 årsverk à 1845 timar for 2020. Samla sett har sysselsettinga i næringsmiddelindustrien i Møre og Romsdal auka med 2,3 prosent frå 3 464 i 2015 til 3 545 i 2020. Berekning av verdiskaping innanfor jordbruksbasert verksemd tar utgangspunkt i tal sysselsette ein kan seia er avhengig av lokalt jordbruk. Totalt er dette vurdert til å vere 850 sysselsette i Møre og Romsdal i 2020. For skogbruksbasert industri er det 539 sysselsette i fylket i 2020. Av desse er 35 vurdert å vere avhengig av lokalt skogbruk. Verdiskapinga i landbruksbasert industri som ein kan hevda er avhengig av landbruk i Møre og Romsdal er berekna til å utgjera 1 173 millionar kr., der næringsmiddelindustrien står for 1 151 millionar kr....en_US
dc.language.isonoben_US
dc.publisherNIBIOen_US
dc.relation.ispartofNIBIO Rapport
dc.relation.ispartofseriesNIBIO-rapport;8(64) 2022
dc.subjectLandbruken_US
dc.subjectJordbruken_US
dc.subjectSkogbruken_US
dc.subjectTilleggsnæringen_US
dc.subjectVerdiskapingen_US
dc.subjectBruttoprodukten_US
dc.subjectSysselsettingen_US
dc.subjectRingverknaden_US
dc.titleVerdiskaping og sysselsetting i landbruk og landbruksbasert industri i Møre og Romsdalen_US
dc.title.alternativeVerdiskaping og sysselsetting i landbruk og landbruksbasert industri i Møre og Romsdalen_US
dc.typeResearch reporten_US
dc.description.versionpublishedVersionen_US
dc.source.pagenumber82en_US
dc.source.volume8en_US
dc.source.issue64en_US
dc.identifier.cristin2016133
dc.relation.projectNIBIO - Norsk institutt for bioøkonomi: 52668en_US
cristin.ispublishedtrue
cristin.fulltextoriginal


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel