Forslag til skjøtselsplan for heilskapleg kulturlandskap - Sunndalen i Jostedalsbreen nasjonalpark, Vestland fylke
Research report
Published version

View/ Open
Date
2022Metadata
Show full item recordCollections
- Divisjon for matproduksjon og samfunn [1116]
- NIBIO RAPPORT [1623]
- Publikasjoner fra CRIStin - NIBIO [4902]
Abstract
Forslag til skjøtselsplan for det heilskaplege kulturlandskapet i Sunndalen og ved Sunndalssetra i Jostedalsbreen Nasjonalpark er utarbeidd på oppdrag frå Jostedalsbreen Nasjonalparkstyre i 2021-2022. Denne rapporten inneheld både ein Generell Del (Bele mfl. 2017) og ein Spesiell Del for Sunndalen. I Generell Del vert det skildra kva ein skjøtselsplan er og kva den inneheld. Det er skildra kulturavhengige naturtypar som er vanlege i fjellet, og kva slag omsyn ein må ta i høve til kulturminne når restaurerings- og skjøtselstiltak skal setjast i gang. Spesiell Del skildrar tilhøva og verdiane i Sunndalen og ved Sunndalssetra meir spesifikt, slik som forvaltingsstatus, brukshistoria til landskapet, registrerte kulturminne, kulturavhengige naturtypar og det biologiske mangfaldet. Det er valt ut referanseområde for dei ulike naturtypane og definert bevaringsmål, skildra skjøtselsbehov og gjeve forslag til ei prioritert tiltaksliste. Det er også skildra tiltak langs buføringsvegen som skal gjere den tryggare å ferdast etter, og som skal sikre utsikta. Rapporten er utarbeidd som eit forslag til Jostedalsbreen Nasjonalparkstyre. Forslag til skjøtselsplan for heilskapleg kulturlandskap - Sunndalen i Jostedalsbreen nasjonalpark, Vestland fylke