Strandsvingel samanlikna med engsvingel, timotei og bladfaks. Avling og fôrkvalitet
Research report
Published version
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3055588Utgivelsesdato
2023Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Divisjon for matproduksjon og samfunn [999]
- NIBIO RAPPORT [1472]
- Publikasjoner fra CRIStin - NIBIO [4517]
Sammendrag
NIBIO, avdeling Fôr og husdyr, har i samarbeid med Norsk landbruksrådgiving (NLR) testa sortar av strandsvingel (Kora og Swaj) og engsvingel (Vestar) i blanding med timotei (Liljeros). Desse frøblandingane vart samanlikna med reinbestand av strandsvingel (Kora og Swaj), engsvingel (Vestar), timotei (Grindstad og Liljeros) og bladfaks (Leif). Strandsvingel er aktuell som erstattar for engsvingel i frøblandingar m.a. på grunn av sjukdomsangrep i gjenveksten i engsvingel. Dei fireårige felta vart etablerte i 2017 og 2018 i Sør-Noreg, Trøndelag og i Nordland, frå havnivå til 720 m.o.h. Ved to slåttar gav timotei og bladfaks generelt høgre tørrstoffavling enn strandsvingel, men strandsvingel overvintra og produserte godt også under desse forholda. Ved tre slåttar og lengre vekstsesong gav strandsvingel høgre avling enn timotei, mykje på grunn av stor gjenvekstevne i strandsvingel og tilsvarande liten i timotei. Skilnadar i fôrkvalitet var i stor grad styrt av slåttetidspunktet, spesielt i førsteslåtten, og med små skilnader mellom dei testa artane og sortane. Resultata tilseier at det er relevant å byta ut engsvingel med strandsvingel i vanleg nytta frøblandingar, både på grunn av høgt avlingsnivå samanlikna med engsvingel, og at strandsvingel er varig under svært ulike dyrkingsforhold. Forsøksserien er gjennomført som del av Rettleiingsprøving. Strandsvingel samanlikna med engsvingel, timotei og bladfaks. Avling og fôrkvalitet