Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorRivedal, Synnøve
dc.contributor.authorKvifte, Åsmund Mikalsen
dc.contributor.authorSteinshamn, Håvard
dc.contributor.authorØstrem, Liv
dc.date.accessioned2024-01-18T08:02:36Z
dc.date.available2024-01-18T08:02:36Z
dc.date.created2024-01-17T10:01:27Z
dc.date.issued2024
dc.identifier.isbn978-82-17-03434-6
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3112348
dc.description.abstractMeir nedbør og færre dagar med opphaldsvêr i vekstsesongen gjer det vanskeleg å hauste enga til rett tid utan pakkingsskader på jorda. I prosjektet GrassRobotics undersøkte vi korleis hausting med lettvektsrobot påverka avling, kvalitet, haustevindauge, jordpakking og rot:skot-forhold samanlikna med traktor og rundballepresse. Dette vart testa i feltforsøk på NIBIO Fureneset i åra 2018 til 2021. Tre nivå av pakking/hausteregime (Utan pakking, Robot, Standard) var lagt ut på storruter i eit faktorielt forsøk med split-plot design med tre gjentak, og to typar engfrøblandingar (Vestland, Bladgras) var testa på småruter innanfor storrutene. Behandlinga på storrutene var ei blanding mellom pakking og hausteregime der Standard hadde tre slåttar og tre overkøyringar med traktor og rundballepresse etter slåttane per år, og Robot hadde fem slåttar og fem overkøyringar med robot per år. Robot med fem slåttar gav lågare tørrstoff- og fôreiningsavling enn Standard med tre slåttar. Grovfôret i Robot hadde høgre energiverdi enn i Standard. Det var ingen effekt av frøblanding på avling og kvalitet. Engavlinga heldt seg stabilt høg i alle tre engåra både i Robot og Standard. Den femte slåtten i Robot, med veksetid frå slutten av august til slutten av september, gav svært lita avling og vil ikkje vere realistisk å utføre i praksis. Grasveksten avtek i september truleg på grunn av låg solinnstråling. Med standard hausteutstyr ville ein i to av dei tre engåra fått problem med å hauste på tørr nok jord utan fare for jordpakking. Alle åra var jorda for våt frå starten av september og utover, og hausting med tradisjonelt hausteutstyr bør skje før dette. Ein lett robot kan brukast kort tid etter nedbør, men for å unngå regn under hausting må kapasiteten tilpassast at ein mange år har få dagar utan nedbør i vekstsesongen. Motstanden i jord frå 5 cm jorddjupne og nedover var lågare etter bruk av robot enn etter bruk av standard hausteutstyr, noko som tyder på at robothausting reduserer jordpakkinga. Vi fann ikkje skilnad i jordtettleik, luftkapasitet eller luftpermeabilitet mellom Robot og Standard. Det var ikkje skilnad i nitrogenavling mellom dei to haustesystema.
dc.description.abstractIntensiv hausting av eng med robot på Vestlandet – Avling og jordeigenskapar
dc.language.isonno
dc.publisherNIBIO
dc.relation.ispartofNIBIO Rapport
dc.relation.ispartofseriesNIBIO Rapport
dc.titleIntensiv hausting av eng med robot på Vestlandet – Avling og jordeigenskapar
dc.title.alternativeIntensiv hausting av eng med robot på Vestlandet – Avling og jordeigenskapar
dc.typeResearch report
dc.description.versionpublishedVersion
dc.source.pagenumber32
dc.source.volume10
dc.source.issue4
dc.identifier.cristin2228358
cristin.ispublishedtrue
cristin.fulltextoriginal


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel