Show simple item record

dc.contributor.authorNyeggen, Hans
dc.contributor.authorStøtvig, Stig
dc.contributor.authorØyen, Bernt-Håvard
dc.date.accessioned2022-04-07T07:25:47Z
dc.date.available2022-04-07T07:25:47Z
dc.date.created2022-04-06T10:26:20Z
dc.date.issued2022-04
dc.identifier.isbn978-82-17-03069-0
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2990356
dc.description.abstractI 1921 kjøpte Vestlandets forstlige forsøksstasjon 340 dekar av utmarka på Auestad i Gjesdal kommune i Rogaland, der formålet var å gjera vitskaplege undersøkingar av skogetablering og produksjon i ulike treslag. Arealet var snaumark og i all hovudsak røsslynghei, ein arealtype som ofte gir langvarig veksthemming etter planting av granartar. Feltet ligg på Høg-Jæren 240-310 m o. h. på næringsfattig grunn. Litt under halvparten av arealet vart før anlegg klassifisert som eigna mark for skogreising. Jorda er morene med frisk råme, og med råhumus som dominerande humustype. Frå 1922 til 1933 vart det planta om lag 120 dekar med vanleg gran, sitkagran, engelmannsgran , blågran, vanleg furu, bergfuru, vrifuru, europeisk edelgran, douglasgran, nutkasypress og europeisk lerk. Plantinga vart gjort i ruter på om lag 70 x 70 m, med ei rute for kvar proveniens og treslag, og seinare i mindre ruter med vestamerikansk hemlokk og douglasgran. Det vart òg gjort forsøk med såing av dunbjørk. I åra 1953 til 1984 vart det oppretta 15 skogproduksjonsforsøk i planteruter med vanleg gran, sitkagran, engelmannsgran, europeisk lerk, edelgran, furu og bergfuru. Alle forsøksflatene har vore tynna ein eller fleire gonger, og forsøka har vore jamleg reviderte med nokre års mellomrom. Sju forsøk finst framleis i 2022, resten er nedlagde på grunn av ulike skadar eller hogst. Forsøksfelta i Auestad inngår i mange vitskapelege skogundersøkingar, og nokre resultat etter om lag 100 år med målingar og observasjonar er tekne med her. Alle treslaga i produksjonsforsøka, unnateke europeisk lerk, har hatt ein differanse mellom brysthøgde- og totalalder på 20 år eller meir, som viser at etableringa på lyngmark har teke tid. Produksjonen i vanleg furu etter 100 år har vore rundt 6 m3/ha/år. Lerka fekk mykje lerkekreft og forsøket vart tidleg lagt ned. Bergfurua har vist produksjon på høgde med vanleg furu, men har på grunn av sopp- og vindskadar vorte nedlagt. Tyngda av forsøksrutene i sitkagran har over eit omløp på 100 år hatt ein produksjon på 12-14 m3/ha/år, medan produksjonen for vanleg gran og edelgran ligg mellom 8 og 10 m3/ha/år. Engelmannsgrana har vist ein produksjon noko lågare enn vanleg gran og er det einaste treslaget som til no har kulminert. I furubestanda er det i biomassen bygd opp om lag 125 tonn C per hektar i løpet av 100 år, medan det i vanleg gran- og sitkagranbestanda er bygd opp høvesvis 200 og 320 tonn C. Furu-, vanleg gran- og sitkagranplantefelta inneheld høvesvis 5, 8 og 13 gonger meir karbon enn skoglaus røsslyngmark. I tillegg til eit stort kvantum med tømmer er det på dei skogreiste areala i Auestad gjennom 100 år bunde om lag 9 600 tonn CO2-ekvivalentar i biomassen. Dette utgjer skyggeverdiar estimert til 19,2 mill. kr. På hogstflater og mellom forsøksrutene er det rike oppslag av lauvtre. Areala dekkjer fleire økosystemtenester der til dømes jakt kan verdsettast, medan andre er fellesgode som det er meir vanskeleg å verdsette, mellom anna sopp- og bærplukking og bruk av stiar og vegar til rekreasjon.en_US
dc.language.isonoben_US
dc.publisherNIBIOen_US
dc.relation.ispartofNIBIO Rapport
dc.relation.ispartofseriesNIBIO-rapport;8(63) 2022
dc.subjectLangsiktige forsøken_US
dc.subjectGranartaren_US
dc.subjectFuruartaren_US
dc.subjectUtanlandske treslagen_US
dc.titleHundre år – og eitt omløp i forsøksskogen. Konsul Heibergs plantefelt i Auestad, Rogaland.en_US
dc.title.alternativeHundre år – og eitt omløp i forsøksskogen. Konsul Heibergs plantefelt i Auestad, Rogaland.en_US
dc.typeResearch reporten_US
dc.description.versionpublishedVersionen_US
dc.source.pagenumber34en_US
dc.source.volume8en_US
dc.source.issue63en_US
dc.identifier.cristin2015594
cristin.ispublishedtrue
cristin.fulltextoriginal


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record