Mat og opplevingar i fjellet: Berekraftig bruk av lokale ressursar
Eiter, Sebastian; Bele, Bolette; Fjellstad, Wendy Jane; Flø, Bjørn Egil; Sickel, Hanne; Vennesland, Birger; Dramstad, Wenche
Research report
Published version
Date
2022-09Metadata
Show full item recordCollections
- Divisjon for kart og statistikk [604]
- Divisjon for matproduksjon og samfunn [1070]
- NIBIO RAPPORT [1582]
- Publikasjoner fra CRIStin - NIBIO [4728]
Abstract
Det er 69 fjellkommunar i Noreg og 29 tilliggjande fjellkommunar. Som fjellområde reknast areal som ligg over 700 m o.h. i Sør-Noreg og over 600 m o.h. i Trøndelag. Utmark dekker ein stor del av landarealet i Noreg, og mykje areal i fjellområda er utmark. Utmarka har mange ressursar og brukarar. Den viktigaste produksjonen i utmarka i fjellet er husdyrbeite, med lang tradisjon for mangesidig bruk i stort omfang, mellom anna knytt til seterdrift. I tillegg kjem haustingsbruk i form av jakt, fiske og sanking som og har ei lang historie. Lang tids bruk har skapt særeigne landskap, med kulturhistoriske, estetiske og biologiske kvalitetar. Ei form for bruk som dreg veksel på desse kvalitetane er reiselivet. Reiselivet i Noreg har etter kvart og ei lang historie, frå engelsk adel kom for å fiske i norske vassdrag på 1800-talet til dagens bubilturistar frå mange land. I tillegg til desse langvegsfarande som oppheld seg i landskapet i kort tid, kjem hyttefolket. Hyttebygginga har med tida lagt beslag på store areal, og nokre plassar diskuterast det om det er på tide å stanse denne utviklinga. Sjølv om hyttebygging og hyttefolk kan bidra med ressursar og aktivitet lokalt, kan det og bli ei belastning, mellom anna på naturen. Å tenke om ein berekraftig utnytting av ressursane i fjella reiser soleis ei rekke spørsmål. I denne rapporten har me samla eksisterande kunnskap, basert på forsking og anna formidling, om ulike utfordringar og moglegheiter. Målet har vært å leggje eit grunnlag for tankar om utforming av ein politikk som skal fremme ei utvikling av ressursbruken som tek omsyn til berekraft i økonomisk, sosial og miljømessig forstand.