Planteskulehygiene
Research report
Published version

View/ Open
Date
2008Metadata
Show full item recordCollections
- Bioforsk TEMA [234]
- Publikasjoner fra CRIStin - NIBIO [4726]
Abstract
Nøkkelen til lønsam drift på det arealet ein planteskule disponerar er sjølvsagt høg produksjon og låge kostnadar. Ein må unngå sjukdom og utgang av planter. God hygiene i alle ledd i produksjonen er avgjerande for å få til dette. Vi har sett dette omtala som eit kjede; dersom ei løkke ryk, er det til ingen nytte. På same viset kan svake ledd i produksjonskjeda av planter gi innpass for ulike skadegjerarar. Det hjelp lite med til dømes beisa frø, sjukdomsfrie stiklingar og desinfiserte potter dersom vekstmediet er sjukdomsinfisert. Dette er innlysande, men vi ser likevel at det i praksis er utallege døme på at mogelege smittevegar ikkje vert tatt omsyn til. For å lukkast må ein fokusera på hygiene i alle ledd frå produksjonsstart til utsal, ikkje minst fordi friske planter er avgjerande for planteskulen sitt omdøme. God hygiene er ofte snakk om gjennomgang av rutinar for å identifisera svake punkt. Det treng ikkje nødvendigvis vera kostnadskrevjande å få gjort noko med problema. Til dømes kan det vera så enkle grep som å skifta fot- og yttertøy før ein går over i eigen produksjon etter stell av importerte planter. Sjølvsagt kan større kostnadar også verta eit resultat av skjerpa hygiene, spesielt dersom det til dømes vert snakk om å løfta produksjonen opp frå bakkenivå for å unngå overføring av rotsjukdomar frå underlaget, men i det lange løp vil dette etter alt å døma løna seg.