Rabarbra. Eit litteraturoversyn med vekt på innhald av eplesyre og oksalsyre
Abstract
Rabarbra høyrer til slekta (Rheum L.), og av dei finst det kring 50 artar viltveksande i Sentral- Asia, Kina, Sibir og Vest-Asia. I Kina har rabarbra vore dyrka i 5000 år, medan den er ein relativt ny kulturplante i Europa og Amerika (Clifford & Dale 1991). Den vart opphaveleg brukt som medisinplante, men sidan vart den også nytta som mat.